Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Hadlaskard og Torehytta kan bli nedlagde

Turisthyttene Hadlaskard og Torehytten kan bli nedlagde, med tilhøyrande T-merking, grunna sterkt press på villreinstammen på Vestvidda.

Publisert: 10. november 2023
Skrevet av: Dag Sandvik
Nyheter
Villreinstammen på Vestvidda er under sterkt press. Dette kan føre til endring i hytte- og rutetilbudet i området. Foto: Morten Kielland,DNTs Fotokonkurranse

Villreinen er under sterkt press

Statsforvaltar la nyleg fram forslag til tiltaksplanar for å betra tilstanden til den truga villreinen på Hardangervidda. Her er det mellom anna føreslått å legge ned turisthyttene Torehytten og Hadlaskard, samt å ta vekk eksisterande rutenett inn til desse hyttene. Turlaget er oppteken av at naturen skal prioriterast, og me vil gjere vårt for å ta vare på både villrein og høve til friluftsliv og store naturopplevingar.  

Me har eit særleg ansvar for villreinen 

Villreinen er ein art som Noreg har eit særleg ansvar for å taka vare på, og den er no under så sterkt press at den er vorte raudlista. Difor må det takast grep for å betre levevilkåra til reinen. For å få reinen til å trekka inn på Vestvidda meiner Statsforvaltaren det er viktig å redusera ferdsel i området kring Hadlaskard og Torehytten. Dei har difor føreslått å legge ned begge hyttene, med tilhøyrande T-merking. Samstundes er det føreslått å etablere ei ny rute over Vestvidda, frå Stavali til Tyssevassbu, inkludert ei ny hytte på denne ruta. 

Balansen mellom å verna villreinen og utøve friluftsliv

Bergen og Hordaland Turlag deler uroa for villreinen, og me er opptekne av å finna løysningar som tek vare på villreinen. Turlaget og DNT har alt gjort tiltak over fleire år for å skåna villreinen på Hardangervidda. Samstundes meiner me det er viktig at folk kan fortsetja med friluftsliv i fjellet. Friluftsliv er viktig for kultur, identitet, naturvern og folkehelse, og myndigheitene må finna ein balanse mellom å verna villreinen og å ta vare på folks naturopplevingar og rett til å gå i fjellet. Den balansen vil me vera med på å finna i det vidare arbeidet.

Hytte- og rutetilbudet må opretthaldas

Styret i Turlaget har fleire gonger drøfta det pågåande arbeidet med tiltak for å betre villreinens vilkår på Hardangervidda. For Turlaget er det svært viktig kva som hender med Hadlaskard og rutenettverket inn til denne. Dersom stenging av hytta vert eit naudsynt tiltak for å verne villreinen, må også myndgheitene erstatta hytta med ei ny hytte på Vestvidda. Ny lokalisering må ta omsyn til villrein, vera attraktiv for turgåarar og gje gode høve for rike naturopplevingar. I tillegg må myndigheitene finansiera og tilrettelegga for at det vert merka og opparbeid eit tiltrekkande rutealternativ lengre vest på vidda. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget