Vil du vere hyttevert i sommar?
Me søkjer etter nye hyttevertar til 12 sjølvbetente hytter i sommar.
Skrevet av: Anne Kari Enes
Hyttevertens oppgåver
Som hyttevert bidreg du til å gjere opphaldet trygt, triveleg og enkelt for dei som kjem. Ein hyttevert har ei viktig rolle i å rettleie gjestar – særleg dei som er nye på sjølvbetente hytter.
Du hjelper til med:
-
Rutinar for bruk av hytta
-
Avfallshandtering
-
Oppvask og utvask
-
Kjøp av proviant
-
Fordeling av oppgåver mellom gjestene
Du er til stades ettermiddag, kveld og morgon, og har dermed moglegheit til å utforske området på eiga hand på dagtid.
Hytteverten sørgjer for god orden på hytta, at hyttereglane vert følgde, og at gjestene får svar på det dei lurer på – slik at alle får eit triveleg opphald.
Erfaring frå ein hyttevert
Sissel Huse har i fleire år vore hyttevert på Breidablik i Kvam. Ho er nærast vaksen opp i området og kjenner det godt.
– Det er ein stor fordel å vere lokalkjend. Eg viser veg, fortel om rutene og orienterer om forhold som snøfenner, vassføring og våte parti, seier ho.
Sissel er vanlegvis hyttevert ei veke om sommaren, ofte saman med familien.
– DNT har gode system for informasjon før gjestene kjem. Mi oppgåve er å svare på spørsmål og vise korleis alt fungerer på hytta. Nokre er erfarne, medan andre aldri har vore på DNT-hytte før.
Ho legg til: – Likar du å vere i fjellet og snakke med folk, er dette ein enkel og fin måte å få ein rimeleg ferie på. Du må vere fleksibel med tanke på både vêr og gjestar, men det går fint.
Praktisk informasjon
- Oppdraget er uløna
- Opphald og kost vert dekka
- Eventuell følgjeperson får også dekka opphald
- Opplæring og informasjon vert gitt
- Det er ledige oppdrag frå juni til oktober, både veker og helgar
Ledige hytter:
Skåla, Selhamar, Fonnabu, Breidablik (Kvam), Gullhorgabu, Vending, Høgabu, Hadlaskard, Rongevær, Stavali, Hallingskeid og Alexander Grieg.
Ta kontakt med Bergen og Hordaland Turlag på e-post bht@dnt.no om du er interessert.
Se også