Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Villreinen er ekstra sårbar no seint på skisesongen. Difor må me som ferdast på fjellet ta ekstra omsyn.

Publisert: 11. april 2025
Skrevet av: Dag Sandvik
Nyheter
Reinsdyrflokk på vinterfjellet
FJELLNOMADEN: Hald avstand viss du treff på villreinen i påska. Biletet er frå eit tidlegare år. Foto: André Marton Pedersen

Ein sein påske er dårleg nytt for reinsdyrsimler som ventar kalv. Simlene trekkjer no mot kalvingsområda sine, og opp mot kalvingstida er dei særleg sårbare for forstyrringar. Sjølv fredelege turgåarar kan utløysa panikk hos reinsdyra, og det er ein fare for at simlene aborterer kalven dersom dei må bruka mykje energi på fluktåtferd. 

Det er difor veldig viktig at skituristar tek omsyn dersom dei ferdast i område der det kan vera villrein. Me vil her trekkja fram Hardangervidda vest kring Hadlaskard og Hårteigen, dei austlegare delar av Stølsheimen nær Vikafjellet og Vola, området opp Slettedalen til Bakkanosi, Grindafletområdet og Aurlandsfjella nordover frå Hallingskeid. Her er info om kvar det er villrein i Noreg.

Gode villreinvettreglar:

  • Respekter bandtvangen som gjeld frå 1. april og hald hundar fysisk i band.  
  • Fylg stikka skiløyper så langt som mogleg.
  • Dersom du treff på en villreinflokk, ta omsyn til vindretninga; syt for at vindtrekken går frå reinsdyra mot deg, ikkje frå deg mot reinsdyra. Gå ein omveg og prøv å unngå forstyrringar.
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget