Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

DNT resolusjon: Styrking av vassdragsvernet

På DNT sitt landsmøte i Stavanger vart resolusjonsforslaget frå Bergen og Hordaland Turlag vedteke.

Publisert: 14. juni 2025
Nyheter
Stor foss i fritt fall.
Ørredalsfossen i nedre del av Øystesevassdraget. Foto: Helge Sunde

Her er resolusjonen:

Styrking av vassdragsvernet

Norske vassdrag er ein uvurderleg del av vår natur- og kulturarv. Dei representerer viktige naturopplevingar, artsmangfald og naturlege økosystem som har utvikla seg gjennom tusenvis av år. Frå dei store ikoniske elvene, Sjoa og Rauma, til alle dei små, lokale elver, er vassdraga både levestader for fisk, plantar og dyr og ei kjelde til naturopplevingar, kvardagsturar og ei påminning om at elver og bekkar samstundes er forteljingane om vår felles natur- og kulturarv – geologisk og historisk.

For å ta vare på heilskapen av dei verdiar som vassdraga gjev oss, treng me tydeleg og langsiktig nasjonal styring som sikrar at me også i framtida har frittrennande elver over heile landet. Overordna planlegging for å hindra bit-for-bit nedbygging er viktigare enn nokon gong.

Sidan den første verneplanen for vassdrag vart vedteke av Stortinget i 1973, har det vore eit nasjonalt mål å sikra balanse mellom kraftproduksjon og vern av urørte vassdrag. Med 2/3 av dei store norske elvene allereie utbygga med totalt 1861 vasskraftverk, er det avgjerande å ta vare på dei attverande verna vassdraga. Dei verna elvene sikrar eit representativt utval av landet sine naturtypar og naturformer med tilhøyrande plante- og dyreliv. Dei er også vassdrag der naturlege prosessar får utvikla seg upåverka av menneskeleg aktivitet, og slik er dei ei kjelde til å forstå den naturlege utviklinga i naturen. 

I dag er vassdragsvernet under press. Forslag om å opna for meir kraftutbygging i verna vassdrag skapar uro og utfordrar det nasjonale kompromisset som har vore grunnlaget for ei langsiktig og berekraftig forvaltning av våre vassdrag.

DNT ser difor alvorleg på at Stortinget det siste året har fått opp fleire saker med intensjon om å tillata meir vasskraft i verna vassdrag. Særskild vedtaket i Stortingsmelding om flaum og skred der ein gjev ei generell opning for konsesjonshandsaming av store kraftverk i verna vassdrag. Det er ikkje rom for å bygga ned dei verna elvene våre utan at me mistar den mest verdfulle naturen me har.

Med bakgrunn i dagens situasjon, oppmodar DNT Stortinget om å:

Styrka vassdragsvernet

Verna vassdrag skal ikkje opnast for kraftutbygging. Dette er avgjerande for å ta vare på naturmangfaldet, sikra stabile økosystem og etterlata ein intakt naturarv til framtidige generasjonar. Utholing av vassdragsvernet vil føra til tap av verdifull natur. 

Respektera vernet som eit samfunnsforankra kompromiss

Vassdragsvernet må vera eit sentralt verktøy for å sikra heilskapleg og berekraftig forvaltning av norske vassdrag. Verneplan for vassdrag representerer eit breitt forankra kompromiss som sikrar ro og rammer for ei trygg samfunnsutvikling. Denne planen må oppretthaldast for å unngå nye konfliktar om naturressursane, og sikra tilliten til langsiktig nasjonal planlegging.

Stansa bit-for- bit nedbygging

Terskelen for småkraftutbygging i verna vassdrag må hevast, og det må sikrast betre kontroll med sumverknader av slik utbygging. 

Annonse:
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget