Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Storevatnet på Sandviksfjellet – viktig for friluftsliv og folkehelse

Storevatnet har i generasjonar vore ei friluftslivsperle på Sandviksfjellet. No skal politikarane avgjere framtida til vatnet.

Publisert: 06. mai 2026
Skrevet av: Gunvar Mikkelsen/Dag Sandvik
Nyheter
Neddemmet vann
Storevatnet på Sandviksfjellet, neddemma. Foto: Gunvar Mikkelsen/FNF Hordaland

Verdifullt område

Storevatnet på Sandviksfjellet har i generasjonar vore ein naturleg del av eit av dei mest brukte og verdsette turområda i Bergen. Vatnet ligg som eit ope og roleg element i landskapet, midt i eit nett av stiar som knyter saman Stolzekleiven, Munkebotsvatnet, Skredderdalen, Fløyen og nærliggjande område. For mange har Storevatnet vore eit mål i seg sjølv: ein stad å setje seg ned, ta ein pause, bade på varme sommardagar eller berre nyte stilla og utsynet. 

Dei siste åra har vatnet vore kraftig nedtappa av tryggleiksmessige årsaker. Sjølv om turområdet framleis er mykje brukt, opplever mange at Storevatnet har mista mykje av den kvaliteten som gjorde området heilt spesielt. Det nakne strandbeltet og det låge vasstanden gir i dag eit meir lukka og mindre inviterande preg enn tidlegare. 

To parallelle prosessar 

Det pågår no to parallelle prosessar som vil avgjere framtida til Storevatnet. Den eine er Bergen Vann si søknad til NVE om nedlegging av Dam Storevatnet. Søknaden inneber i praksis at delar av den over 200 år gamle demninga blir fjerna, slik at vasstanden i hovudsak blir som i dag, med eit meir naturleg utløp. NVE kan i si behandling stille krav om avbøtande tiltak, og det er venta eit vedtak i løpet av våren. 

Samtidig vil saka kome politisk opp i Bergen bystyre. Her må politikarane ta stilling til eitt av tre alternativ som er greidde ut av Norconsult for Bergen Vann: 


Alternativ A: Ny demning med om lag same oppdemming som tidlegare (ca. 5 meter over naturleg vasstand).

Alternativ B: Mindre demning med om lag 2 meters heving av naturleg vasstand. 

Alternativ C: Full nedlegging av demninga.

Bergen Vann har i sitt fagnotat anbefalt alternativ C, med alternativ A som sekundært val. Samstundes har Bergen Vann vore tydelege på at søknaden om nedlegging til NVE blei sendt for å oppfylle formelle krav, utan å førehandsavgjere den politiske prosessen. 

Storevatnet på Sandviksfjellet, foto: Helge Sunde.

Friluftsliv, natur og fellesskap 

Bergen og Hordaland Turlag har stor forståing for at dette er ei krevjande avveging. Bergen Vann har eit viktig ansvar for tryggleik, drift og langsiktig forvaltning av vassressursar. Samstundes meiner BHT at friluftslivsverdiane ved Storevatnet må tilleggjast stor vekt når framtida for området skal avgjerast. 
Eit vatn med stabil og høgare vasstand skaper ikkje berre betre visuelle kvalitetar, men legg òg til rette for mykje bruk året rundt. Erfaringane frå tida før nedtappinga viser at Storevatnet hadde stor verdi for bading, fiske, kvardagsfriluftsliv og som opplevingsarena for born, unge og vaksne. Dette er verdiar som er vanskelege å måle i kroner, men som har stor betydning for folkehelse, livskvalitet og tilknyting til nærnaturen. 

Kostnader i eit langsiktig perspektiv 

Bergen kommune sitt samla investeringsnivå ligg på over 10 milliardar kroner i planperioden. Ein kommune skal prioritera mange viktige investeringar, og me forstår at ein her må gjere heilskaplege vurderingar av kvar budsjetta skal nyttast. 
Å behalda Storevatnet har ein kostnad. Full oppgradering kostar rundt 39 millionar kroner, medan alternativ B ligg rundt 27 millionar kroner når ein tek høgde for tilsynsløysingar. Det er også komme framlegg  til andre restaureringsalternativ som kan redusera kostnaden. 
Turlaget vil oppmoda politikarane til å også vurdera verdien ein får ved å vare på eit av byens mest brukte nærturområde – gevinstane vil kome svært mange til gode, i svært lang tid. 

Ei avgjerd med betydning for framtida 

Storevatnet er meir enn eit teknisk anlegg. Det er eit landskapselement, eit møtepunkt og ein del av kvardagen for tusenvis av bergensarar. BHT meiner at politikarane bør sjå området med eigne auge før endeleg vedtak blir gjort. Ei synfaring vil gi eit betre grunnlag for å forstå kva som står på spel – både landskapleg, sosialt og helsemessig. 

Vi håpar bystyret finn ei løysing som både tek omsyn til tryggleik og økonomi, og som samstundes gir Storevatnet tilbake som den friluftslivsperla det har vore. Ei slik avgjerd vil vere ei investering i natur, folkehelse og fellesskap – midt i Bergen. 
 
Signér opprom om Storevatnet

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget