Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Nei til vindkraft i Modalen

Skavlabu ligg høgt, med rundskue over dei mektige Modalsfjella. På stille dagar kan ein sjå hytta og solnedgangen spegla seg i fjellvatnet. Her er det føreslått å bygga vindkraftindustri. Eit området kring hytta, som tilsvarar 20.000 fotballbanar, skal dekkast med 97 vindturbinar på opp mot 220meter i høgd. Ei slik utbygging vil øydelegga eit stort og verdifullt natur- og friluftslivsområde.

Publisert: 09. april 2024
Skrevet av: Dag Sandvik
Vi mener
Turgåer i vakkert fjellandskap i solnedgang.
Foto: Linda Fongaard

Sidan 2019 har det vore stopp i sakshandsaminga av ny vindkraft. No har regjeringa opna opp att for handsaming av vindkraftsaker i NVE, og det har komme nye ordningar for saksgang som gjev kommunane makt til å kunne seie nei til vindkraft i sine område. Regjeringa har samstundes auka dei økonomiske kompensasjonane til kommunar som seier ja til vindkraft. Dette har sett kommunane under sterkare press. No må kommunane velja mellom vern av lokalbefolkninga sin natur og nærområde eller potensielt store inntekter.

Kommunestyret i Modalen er vorte kontakta av Norsk Vind for å ta opp at sakshandsaminga av vindkraftanlegget som har vore meld tidlegare. Kommunen seier dei vil halde rådgjevande folkerøysting for å avgjere om dei skal gå vidare med planane.

innsjø i vindkraftområde
Vindkraft truar nokre av dei rikaste naturopplevingane vestlandet har å by på. 

Turlaget meiner Noreg må stogga den raske nedbygginga av norsk natur. Vindkraftplanane i Modalen vil øydelegge eit naturområde med påviseleg svært høge naturverdiar. Biofokus har gjennomført ei større naturkartlegging av planområdet for vindkraftverket. Her vart det avdekka at fjella kring Skavlabu er heim for ei rekke viktige og raudlista moseartar. I tillegg til å vere heime til mange raudlista artar, er området eit større inngrepsfritt naturområde, klemt mellom Stølsheimen landskapsvernområde og den føreslåtte nasjonalparken i Masfjorden. Her oppe finn du eit stort stinettverk, to flotte turlagshytter og nokre av dei rikaste naturopplevingane vestlandet har å by på. 

Bergen og Hordaland Turlag har  engasjert seg sterkt i saka ved å arrangera både støttemarsj og politisk debatt, for å verna dette svært viktige natur- og friluftslivsområde. 

Nedbygging av denne fjellheimen vil skada viktige verdiar for lokalsamfunnet og regionen, og prosjektet kan bryta med intensjonane og måla i naturavtalen. Turlaget vil difor fortsetja å tala naturen si sak, og meiner Norsk Vind sitt prosjekt i Modalen er så naturøydeleggande at ein vanskeleg kan forsvara å gå vidare med planane. 

Rød hytte i vinterfjellet
Skavlabu 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget