Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Navigasjon med mobil

Det finst gode mobilappar og online ressursar som er nyttige verktøy for friluftsentusiastar.

Publisert: 17. september 2024
Skrevet av: Anne Kari Enes
Nyhet
Jogger på vei opp fjell i solnedgang.
Bergfex, Strava, Norgeskart Friluftsliv - for den som liker seg utendørs finnes mange gode apper å bruke. Foto: Jan Kochbach

Mange gode apper

Jan Kocbach har over 40 års erfaring som orienteringsløpar og er alltid på fjelltur i godt vær. Kart og kompass nyttar han mest i O-løp; til turplanlegging er det digitale ressursar som gjeld, både i Noreg og utanlands. Jan deler gjerne sine erfaringar og tips til korleis ein kan nytte dei for god turplanlegging og navigering i kjent og ukjent terreng. 
– Kva nyttar du mest til turplanlegging i Noreg? 
– Det finst fleire appar til turplanlegging i Noreg. Norgeskart er ein av mine favorittar, saman med Strava-appen, for å sjå kor andre har gått tur og lagt inn spor. Eg brukar også Mapant for å sjå på kantar, stup og skrenter, som er viktig for sikre vegval. Med Norgeskart friluftsliv kan ein laste ned kartet og lagre det til bruk offline. I denne er det også mogleg å logge ruta og laste ned gpx-spor, slik at det er mogleg å sjå kor ein er på sporet. 

Bruker Bergfex i utlandet

Når Jan er i utlandet, brukar han ofte Bergfex, som gir turforslag, og ein kan søke i kartet for å få opp ulike turalternativ. Det er mogleg å teikne opp ein tur på kartet og få informasjon om høgde, stigning og lengde. 
– Peakfinder er veldig nyttig når ein lurer på kva fjell ein ser. I tillegg bruker eg ShadeMap for å finne ut om det er sol og skugge. Nyttig med tanke på snøforhold og gode lysforhold når ein skal fotografera, seier Jan. 

Gjør godt forarbeid

– Korleis førebur du deg til tur? 
– Finn din favoritt-app og lær deg korleis den fungerer. Syt for å ha ein backup, både i form av ei anna eining og papirkart. Planlegg turen nøye ved å sjå på kart og vêrmeldingar i forkant, og ver førebudd på dårlege vêrforhold med riktig utstyr og teknologi. Med god førebuing vert turopplevinga som oftast god, seier Jan. 
– Korleis brukar du teknologi undervegs på tur? 
Undervegs bruker eg Norgeskart-appen for å sjå kor eg er og kor eg skal. Eg brukar også Mapant for å sjå etter terrengdetaljar, slik som skrentar og stup, og Strava og Trailguide for å finne stiar som kan være utydelege, attgrodde eller nedlagde. Peakfinder brukar eg til å identifisere fjell. 
– Kva spesifikke funksjonar ser du etter i ein turplanleggingsapp? 
Eg ser etter appar som kan logge ruter og laste ned GPX-spor, som Norgeskart Friluftsliv. Det er også viktig at appane har offline-funksjonalitet og nøyaktige kart. På Norgeskart.no kan ein skrive ut kart, noko som er nyttig som backup. 

Nyttige appar og websider 

Norgeskart friluftsliv 

Kan importere eigne GPS-spor, kan lagre GPS-spor, kan vise ruta for å finne tilbake, fleire andre kartlag, kan søke koordinat og rotere kartet, kan legge inn punkt med koordinat og ruter.  

Mapant.no  

Det mest nøyaktige turkartet som finst over Noreg. Viser skrentar og stup. 5-meters høgdekurver og hjelpekurver. Viser vegetasjonstettleik, mogleg å vise OpenStreetMap stiar. Svake sider: Er ei nettside, ikkje ein app. Kan ikkje importere eigne GPS-spor, kan ikkje lagre gps-spor, støttar ikkje offline-kart.  

Strava  

Den einaste appen som gir Stava heatmap-stiar, kan lagre gps-spor, godt arkiv for gps-spor. Ulemper: kartdelen er noko mangelfull, 10 m ekvidistanse på kartet, fungerer ikkje offline, må ha strava-brukar for å bruke det. 

Trailguide.net  

Webapp som gir Strava heatmap-stiar, mogleg å vise strava heatmap saman med Statens kartverk sitt kart. Ulemper: Kan ikkje importere eigne gps-spor. Er ei nettside og ikkje ein app (men fungerer som ein app). 

PeakFinder  

I denne appen kan du sjå namn på fjelltoppane rundt deg. Har ikkje kart.  

Bergfex  

Kart og turforslag for utlandet. Kan søke i kartet og få turforslag. Teikne opp en tur, får opp høgde, stigning og lengde.  

Shademap.app 

Sjå kor det er skugge og sol når du skal på tur. Sjå kva retning sola kjem frå.  
Vêret 

På vêrappen Weather and radar får ein opp satellittbilete for varselet. Yr-appen har varsel for nedbør. Ved å kombinera desse to, får ein samla meir detaljert vêrutsikt.  

Varsom regobs  

App for skredvarsel og observasjonar, snøforhold. Har også brattheitskart.  

SeNorge  

Denne appen viser snøforhold.  
 


 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget