Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Modalen kommune seier einstemmig nei til vindkraft i Modalsfjella

Modalen valde fjella framfor pengane - ein stor siger for naturen, friluftslivet og dei kommande generasjonane.

Publisert: 10. april 2025
Skrevet av: André Marton Pedersen
Nyheter
En glad og jublende turgjeng står foran en rødmalt hytte i tåkekledd fjellområde med noen snøflekker rundt hytten.
En jubeldag for alle som er glade i Skavlabu i Modalsfjellene. Det blir ingen vindkraftutbygging der. Foto: André Marton Pedersen

Ei historisk avgjerd

I dag, 10. april 2025, har kommunestyret i Modalen kommune fatta ei historisk avgjerd ved å avslå planane til Norsk Vind AS om å etablere eit omfattande vindkraftanlegg i Modalsfjella. Vedtaket var einstemmig og følgjer ei rådgjevande folkerøysting som vart halden 10. mars, der heile 70% av innbyggjarane stemte mot utbygginga.

– For oss i Bergen og Hordaland Turlag er dette vedtaket av stor betydning. Modalsfjella er eitt av dei mest verdifulle friluftslivsområda i regionen, kjent for si urørde natur, varierte landskap og viktige artsmangfold, seier Dag Sandvik, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag.

Modalsfjella er eit populært fjellområde for tur- og skigåarar og naturglade menneske, og huser fleire av våre turlagshytter, mellom anna Skavlabu.

Viktigheita av å ta vare på Modalsfjella

Norsk Vind AS hadde foreslått å byggje opptil 100 vindturbinar, kvar med ei høgd på opptil 220 meter, spreidd over eit område på 55 kvadratkilometer i Modalsfjella. Prosjektet omfatta òg bygging av nærmare 100 kilometer med anleggsvegar og store oppstillingsplassar rundt kvar turbin.

– Vi er glade for at folket og politikarane i Modalen ser verdien av intakt natur, og har valt å skåne Modalsfjella og Stølsheimen for ei øydeleggande utbygging, seier Siren Juliussen, seniorrådgjevar for energi og naturforvalting i DNT.

Ei utbygging i denne skalaen ville medført store inngrep i naturen, med irreversible konsekvensar for landskapet og friluftslivet. Mellom anna ville bygging av vegar og oppstillingsplassar fragmentert viktige naturområde og påverka leveområda til fleire sårbare artar, i tillegg til å øydeleggje eit stort friluftslivsområde som er viktig for mange.

Eit døme på lokaldemokrati i praksis

Innbyggjarane i Modalen har vist eit sterkt engasjement i denne saka. Med ei valdeltaking på 86,3% i den rådgjevande folkerøystinga, har lokalsamfunnet sendt eit tydeleg signal om kor høgt dei verdset naturen og friluftslivsområda sine.

Vi i Bergen og Hordaland Turlag ønskjer å uttrykkje vår djupaste takksemd til innbyggjarane i Modalen og kommunestyret for avgjerda deira.

Dette vedtaket sikrar at Modalsfjella får vere eit fristed for friluftsliv og naturopplevingar – for noverande og komande generasjonar.

– Folket i Modalen sitt nei til vindkraft i fjella er eit klart teikn på at mange folk verdset naturen sin svært høgt. Det er òg eit teikn på at vi har eit system som evnar å ta omsyn til folk si tilknyting og avhengigheit til naturen. Det skal vi vere glade for, og det må vi ikkje ta for gitt. Modalen kommune vart tilbydd mange hundre millionar kroner i byte mot den urørde fjellnaturen sin, seier Sandvik i Turlaget.

– Samstundes er vi uroa over at stadig fleire natur- og friluftsområde i landet er under utbyggingspress, og at mange lokalsamfunn må stå i liknande konfliktar som Modalen – der dei risikerer å miste store areal med villmark, eller små lommer med intakt natur og nærturområde, seier Juliussen i DNT.

Turlaget og DNT ser fram til å halde fram arbeidet vårt med å fremje berekraftig friluftsliv og ta vare på dei unike naturverdiane på Vestlandet.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget