Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Inspirasjonskveld: Ja til naturen – Nei til vindkraft i Stølsheimen

Velkomen til ein gratis inspirasjonskveld om friluftsliv, meistring og trua natur.

Publisert: 31. januar 2025
Nyheter
Hjerte malt på varde med folk på tur i bakgrunnen.
Mange har eit bankande hjarte for Modalsfjella i Vestre Stølsheimen. Norsk Vind AS ønskjer å byggje ut nær 100 vindkraftturbinar i dei fjella. Foto: André Marton Pedersen

Gjennom ein innhaldsrik kveld med foredrag, videoer og appellar hyller me Stølsheimen og den vakre og verdifulle naturen der.

I Modalsfjella i Vestre Stølsheimen er det foreslått å bygge ut nær 100 vindkraftturbinar midt mellom eit landskapsvernområde og ein komande nasjonalpark. Området utgjer eit av Vestlandets største friluftslivsområde, med eit omfattande stinettverk, og fleire DNT-hytter. Kraftverket vil forringe eit verdifullt høgfjellsareal, med eit sårbart fugleliv og ein unik flora som finst svært få andre stader. Modalen kommune skal ta stilling til planinitativet frå Norsk Vind denne våren, og turlaga vil i forkant av dette invitere til ein kveld for kunnskapspåfyll og inspirasjon.  

Program:

18:00 - Velkomst og foredrag Ein hyllest til Stølsheimen v/André Marton Pedersen, fotograf og informasjonsleder i Bergen og Hordaland Turlag 

18:30 - Vern om Stølsheimen: Innlegg og appellar ved Norges Naturvernforbund, Den Norske Turistforening, Ung for Fjella, Bergen Venstre, Vestland SV og Rødt. 

19:30 - Foredrag: Målsettingens magi – viljestyrke og utholdenhet i møte med det ukjente ved eventyrar Hedvig Hjertaker. Hedvig, som januar 2023 vart verdas yngste kvinne til å gå aleine til Sydpolen, tek oss med på si utrulege reise frå sjukdom til meistring. Hedvig deler sine erfaringar om korleis ho har nytta naturen til å møte motgang og bygge viljestyrke i møte med det som er utfordrande.  

20:20 - Avslutning og felles opprop for Stølsheimen

Påmelding her

-----

Forprogram:

Allereide klokka 17 startar forprogrammet. Då kan du møte fleire av natur- og friluftslivsorganisasjonane som jobbar mot vindkraft i Stølsheimen og Modalsfjella: Folk For Fjella, Ung For Fjella, Miljøvernforbundet og Motvind Vest. Det blir bålsamtale, kaffi, betasuppe og naturrebus for store og små.  

17:45 - Appell ved Ung for Fjella og Folk for Fjella.

Hjarteleg velkomen til ein viktig og minnerik inspirasjonskveld. 

Påmelding her

Inspirasjonskvelden blir halden i Hjarterommet på Knarvik barneskule.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget