Framtida til Hadlaskard
Kva bør skje med Hadlaskard turisthytte på Vestvidda? Me treng dine innspel.
Skrevet av: Dag Sandvik

Send dine innspel
Turlaget driv Hadlaskard, ei sjølvbetjent hytte som ligg vakker til, midt leveområda til villreinen på Hardangervidda. Dette har skapa eit dilemma. Ynskjer me å fortsetja drift av hytta, eller vil me etterkomma tilrådingar om å stenga hytta? Me ynskjer innspel frå våre lokallag og medlemmer.
Send innspel til dag.sandvik@dnt.no innan 21.oktober.
Bakgrunn
Over 90 prosent av den europeiske villreinen held til i det norske høgfjellet, frå Trondheim og sørover. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen. Når villreinen no både har fått «raudt lys» etter «kvalitetsnorm for villrein» og status «nær truga» på raudlista, har nasjonale styresmakter teke initiativ til å betre tilhøva for villreinen.
Villreinen er sky og bruker mykje krefter om den vert uroa. Menneskeleg forstyrring er, saman med sjukdom og endra klima, viktige grunnar til at villreinen er raudlista.
På Hardangervidda er reinen lite mobil og nyttar små beiteområde. Villreinforvaltninga vil, mellom anna, at reinen i større grad skal nytta beita på nordvestvidda frå seinvinter/vår og utover sommaren.
Utkast til tiltaksplanar for villrein vart overlevert Miljødirektoratet 1. desember 2023. Her var det ei lang liste med 185 tiltak berre for Hardangervidda.
Eit av tiltaka som er føreslått er stenging av Hadlaskard.
Miljødirektoratet vidaresende tiltaksplanane til Klima- og miljødepartementet (KLD) med sine råd og vurderingar. Førebels er tiltaka ikkje prioritert eller vurdert opp mot andre interesser, og det er denne jobben som vert gjort i KLD.
Internt i DNT er det jobba med å vurdera kva me skal meine om hyttestengingar, og kvar eventuelle erstatningshytter kan plasserast på vestvidda, dersom både Torehytten og Hadlaskard vert vedteke nedlagt. Det er også vorte skissert opp alternative ruter mellom nord og sør, frå Stavali til Tyssevassbu.
Kva meiner styret og administrasjonen i BHT?
Styret og administrasjonen i BHT meiner det er lurt å ta aktiv stilling til kva me ynskjer skal stå om Hadlaskard i tiltakspanen. Ein kan skissera opp to moglege strategiar vidare:
A) Aktivt jobba for å behalda Hadlaskard
B) Jobba for at Hadlaskard vert erstatta av ei ny BHT-hytte
Villrein
Hadlaskard har hatt jamt besøk sidan 1970, gjennom periodar der villreinstamma har vore berekraftig. Det er med andre ord ikkje umogleg å drive ei hytte her samstundes som ein ivaretek villreinen.
På den andre sida er tilstanden for villrein no kritisk, og ein må rekne med at villreinen treng ekstra ro for å reetablera seg i dette området som vert rekna som potensielt viktig for reinen. Ei stenging vil gje mindre besøk i området.
Hadlaskard er spesielt ønska som kalvingsområde og vår/sommarbeite, og dersom ein vel å behalde hytta kunne ei villreinvenleg driftsform vore utvida stenging i og etter kalvingstida, i april, mai og juni. I tillegg kunne hytta vore aktivt nytta på seinsommar/haust til gode turopplevingar og til å dela kunnskap om villrein.

Attraktivitet
Hadlaskard ligg attraktivt i eit etablert stølsmiljø ved elva. Veigdalen er klimatisk god, med lågare årsmiddelnedbør enn andre målestasjonar i regionen. I tillegg er det ei lettgått turterreng inn til hytta med tilkopling til to private hytter, noko som gjer at ein kan gå korte eller lange dagsetappar.
Ei eventuell ny hytte må plasserast etter nøye vurdering av slike parameter, for å sikre at ein legg til rette for gode naturopplevingar og godt besøk. Per i dag ligg det framlegg om å finne lokalisering mellom Stavali og Tyssevassbu, og det er føreslått ei hytte i tilknytning til Dronningstien/Stavali. Det ligg positive moglegheiter i utsynet frå ei ny hytte nær Sørfjorden.
Økonomi og besøk
Dei siste fem åra har Hadlaskard hatt eit besøkssnitt på 1500 per år, med omlag 280.000,- i årleg overskot. Etter korona har besøkstala vore på 1100–1200. Me eig ikkje hytta. Ved eit evt kjøp av Hadlaskard vil det komme kostnader til både kjøp og oppgradering.
Potensialet for besøk ved oppretting av nye hytter er vanskeleg å anslå, men det er klart potensialet er stort gjeve frekvensen på besøk til Dronningstien. Ei hytte midt mellom Stavali og Tyssevassbu vil vere krevjande å gå til, med lange etappar i begge endar.
Bærekraft
Å legga ned eller tilpassa drifta av hytta for å skåna sårbare artar er i tråd med DNT sin bærekraftstrategi. Å bygga ei heilt ny hytte er ikkje i tråd med DNT sin bærekraftsstrategi. Å finna eit eksisterande bygg som ein kan overta på vidda er positivt, men krevjande.
Styret og administrasjonen si tilråding
Styret og administrasjonen tilrår strategi B: Å jobba for at Hadlaskard vert erstatta av ei anna BHT-hytte.
Denne strategien vil innebera at ein jobbar for at den statlege tiltaksplan for villrein inneheld eit tiltak der det heiter at: «Hadlaskard vert lagt ned under føresetnad av at den vert erstatta av ei anna hytte. Det må vidare føresetjast at det vert førelagt eit attraktivt, konkret og privatrettsleg avklara alternativ som vert finansiert av staten».
I tillegg må ein ha ein klar og realistisk plan for reduksjon av all ferdsel i dette området, slik at ein ikkje stengjer hytta og ser vidare stor bruk til private og uorgniaserte føremål.
Send ditt innspel til dag.sandvik@dnt.no innan 21.oktober.
Se også

