Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Har skua mot brekanten i 50 år

I 50 år har Fonnabu husa friluftsfolk som ønskjer å oppleva Folgefonna på nært hald.

Publisert: 20. august 2024
Skrevet av: Anne Kari Enes
Nyheter
På en stei utenfor Fonnabu har man god utsikt til Folgefonna.
Foto: André Marton Pedersen

Ved brekanten 1450 moh. ligg Fonnabu-hyttene godt plassert og gir ly for ver og vind. Ideen om ei hytte ved brekanten kom etter fleire fellesturar over fonna på 1960-70-talet.

Det var dei røynde turleiarane Jan Gideonsen, John Atle Lohne og Olav Christian Pedersen som tok initiativ til å få bygd Fonnabu. Med bakgrunn i erfaringar med skiftande vêr og krevjande forhold hadde dei eit sterkt ønskje om å få bygd ei sikringshytte ved fonna. Breidablikkhytta, som ligg 2,5 km før Fonnabu, har 4 sengeplassar og var for liten til å fungera som sikringshytte.

Historiske vandreruter. Turistvegen over Folgefonna. Breidablikk 1941.
Breidablikk-hytta anno 1941, en del av Turistvegen over Folgefonna.

Nye turmuligheter

Med ei hytte ved Folgefonna opna det seg nye muligheter for turlaga til å arrangera lengre turar over breen. Fonna på langs er ein klassisk vårskitur. Og kryssing av breen mellom Sundal og Odda har tatt seg opp att etter at ruta fyrst vart gått av lokale som førde turistar over fonna på 1800-talet og fram til byrjinga av 1900-talet. Den ruta er no ei av dei historiske vandrerutene.

Fonnabu-hyttene fungerer i dag som eit bresenter med si unike plassering ved Folgefonna. Den opprinnelege Fonnabu-hytta stod ferdig i 1974, optimalt utnytta med 16 sengeplassar, kjøken og tørkemuligheter i eitt rom. Ho vart påbygd i 1986 med nytt inngangsparti og proviantrom. Etter at den fyrste Fonnabu-hytta vart bygd i 1974 auka bruken av området og fjellsportinteressa vaks fram. Etter kvart såg ein behov for ei større hytte og det var krav om ei sikringshytte. I 1995 vart det bygd ny og større hytte og tilhøyrande do- og vedbu. Fonnabu består no av to hovudhytter med tilsaman 27 sengeplassar. Det siste påbygget på nyehytta kom i 2019 med stor stove og nytt kjøken.

No kan ein sitje inne og ha panoramablikk over bre, fjell og hav når vêret tillet det. Fonnabu er med det siste tilbygget enno betre eigna til å arrangera brekurs.

Fonnabu, juli 2021.
Nytt tilbygg på Fonnabu hovedhytte i 2019.

Sesong for vårskiturar og fotturar

Høgsesongen for vårskiturar på fonna er i april–mai. Fottursesongen startar uti juni og varer til september. Den mest brukte fotturruta er turistvegen frå Sundal i Mauranger via Gardshammar og Breidablikk. Når ein går inn Bondhusdalen og stig opp mot Gardshammar langs turvegen som svingar seg opp lia, får ein eit makelaust utsyn over dalen, Bondhusvatnet og Bondhusbreen. Turen i seg sjølv byr på kontrastar frå fjord til fonn, langs vassdrag og frodige stiar opp til grått fjell omgitt av breen. Turen opp til Fonnabu er mogleg å gå for dei fleste som er litt fjellvande. Denne ruta er 11 km og tar om lag fem timar èin veg. Dei fleste tar denne turen opp som ein dagstur og overnattar på Fonnabu før dei returnerer same vegen dagen etterpå.

Dersom ein vil gå over fonna, må ein ha røynsle med og utstyr for brevandring eller ha med seg breførar. Ein kan tinga breførar som stiller med utstyr for brevandring. Desse turane eignar seg best i sommarmånadane og går til fots.

Johannes Øvreås holder brekurs på Fonnabu sommeren 2007.
Historisk bilde: Johannes Øvreås brekursinstruktør på Fonnabu sommeren 2007.

Skiftande vér

Veret skiftar raskt i fjellet og kontrastane er noko av det som fengjer dei som ferdast i området. Å koma frå vår og grøne bakkar til snø og godt skiføre på fonna, er flotte opplevingar. Skituren frå Goddalen i Nordrepollen til Rosendal, med overnatting på Fonnabu, er ein av dei årlege skiturane over breen som vert arrangert av Kvinnherad turlag. Bergen og Hordaland Turlag og andre lag i DNT arrangerer og jamleg både vårskiturar og fotturar over fonna. Det er ein fin måte å få gode naturopplevingar under trygg føring av røynde breførarar og turleiarar.

I sommarsesongen kan ein gå turen til fots og tinga føring mellom Fonnabu og Holmakjer og gå heile den historiske vandreruta, turistvegen frå Sundal over Folgefonna til Odda. Sommardagen kan det vere ei flott oppleving å sitje i hytteveggen og nyta utsikta over fonn og fjell. Solnedgangen kan vera fantastisk og det spesielle lyset over fonna lokkar mange hit opp.

Har du ikkje opplevd det, anbefaler eg å ta turen.

Fonnabu, juli 2021.
Solefall på Fonnabu.

Brekurs

Hyttene ved fonna har fungert som senter for brekurs heilt fram til no. Turlaget held brekurs på Folgefonna og deltakarane bur ei veke på Fonnabu og lærer trygg ferdsel på breen. Global oppvarming gjer at breane over heile kloden smeltar. Vi kan sjå endringane også på Folgefonna. Breen trekkjer seg tilbake. Tilkomsten til breen er blitt meir krevjande, det vert lengre å gå for å kome til øvingsområda med sprekker og brefall. Også i sørenden av fonna, trekk breen seg tilbake og det kjem fram sprekkområde og vatn stader som tidlegare har vore dekka av is.

Gourmettur til Fonnabu med DNT fjellsport Bergen
Tur til Fonnabu oktober 2022

Gourmettur til Fonnabu med DNT fjellsport Bergen

Bli med til Fonnabu 18.–20. oktober.

Lokalt hyttetilsyn

Heilt sidan planlegginga av Fonnabu har det vore stort engasjement og interesse for hyttene. Lokale eldsjeler har hatt tilsyn og lagt ned mange dugnadstimar for hyttedrifta. Det er etablert eit hytteutval for Fonnabu og Breidablikk med lokale folk i Kvinnherad, som tar seg av dugnader, transport av ved, gass og proviant. Hytteutvalet har tilsyn med hyttene gjennom heile året.

Det er vêrhardt ved fonnakanten og dei siste åra har vi merka at veret har ført til større og mindre skader på bygningane og utstyr. Sist haust bles to vindauge ut og vinden fekk herja fritt i stova. Heldigvis vart skadene oppdaga relativt raskt og ein fekk reparert dei. Hyttene framstår no i god stand og er klare til å ta imot gjester for sesongen.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget