Astri (34) er døv – klatrar høge tindar med fjellsportgruppa
Astri Frafjord høyrer ingenting, men det hindrar ho ikkje frå å klatra til topps saman med DNT Fjellsport Bergen. Med teiknspråktolk på slep jaktar ho på meistring blant dei høgaste fjella i landet.
Skrevet av: John Petter Nordbø

I sommar arrangerte fjellsportgruppa i Bergen den populære turen basecamp Gaupne, der ein stor gjeng dro til Luster-bygda for å driva med ulike fjellsportaktivitetar. Ca. 50 likesinna var saman ei heil veke for å gå på bre, klatra, tinderangla og nyta høgfjellet. Noko av poenget med turen er å samla folk med ulik erfaring og nivå til ei sosial samling der deltakarane kan testa ulike aktivitetar.
Ein av deltakarane var 34 år gamle Astri Frafjord frå Stavanger.
– Det var ei fin oppleving. Eg møtte mange flotte menneske som deler den same interessa for fjell og friluftsliv. Det sosiale miljøet var inkluderande, og kvar dag blei det arrangert turar med ulikt nivå og innhald, seier ho.

Til topps med tolk
For å klatra i bratte fjellsider, eller gå i taulag over isbrear, er god kommunikasjon heilt avgjerande. Som døv har Astri ei utfordring på dette området. Ho har teiknspråk som sitt primære språk, og brukar teiknspråktolk når ho snakkar med folk som ikkje kan dette.
Astri forklarer at tolken er med for å oversetja det som blir sagt, både informasjon frå turleiar og samtalar med andre deltakarar.
– Det handlar ikke berre om praktisk informasjon, men også det sosiale. Tolkane står som regel litt ved sidan av meg og tolkar det som blir sagt, og eg svarar gjennom dei. Det gjer det mogleg for meg å delta fullt ut, seier ho.
Astri set stor pris på at det finst tilbod som gjer det mogleg for fleire å delta i fjellsportmiljøet, uavhengig av bakgrunn eller funksjonsevne.
– For meg er det viktig å visa at døve også kan vera med på slike turar. Med litt tilrettelegging kan me delta på lik linje med andre. Eg håpar at dette kan inspirera fleire arrangørar til å tenkja inkluderande, og fleire døve til å prøva seg på fjellet. Det er ei flott oppleving, både fysisk og sosialt, seier ho.
Første gong for turleiaren
For turleiar Knut Inge Engelbreth var det ei ny erfaring å ha med ein døv deltakar og teiknspråktolk på fjellsporttur. Han meiner det fungerte fint, og at det er eit potensial for å ha med fleire døve og folk med andre funksjonsnedsetjingar på tur. Han nemner eit døme på korleis samarbeidet funka:
– På turen til Storebjørn gjekk me i taulag over breen. Eg var breførar og gjekk først, tolken kom bak meg. Astri gjekk som nummer tre, før dei andre fylgde etter i taulaget. På den måten var det enkelt for meg å kommunisera med både Astri og dei andre deltakarane undervegs på turen, forklarer Engelbreth.
Årets basecamp blei ein for minnebøkene. I strålande sommarvêr gjekk turane til det eine spektakulære målet etter det andre.
– Kva var høgdepunktet på turen?
– Definitivt turen til Store Austanbotntind (2 202 moh.). Me var så heldige med vêret - varmt og skyfri himmel. Eg kjende på adrenalinet på den luftige ryggen. Det var ein spennande og fysisk utfordrande tur, akkurat slik eg likar det. Eg elskar å klyva og meistra nye ting, så det trefte verkeleg blink, fastslår ho.
Vanskeleg å oversetja stadnamn
– Kva funka bra, og kva kan me i Turistforeningen gjera betre for å tilretteleggja turane våre?
– Eg opplevde at arrangørane var opptatt av mine behov. Det set eg stor pris på. Ei utfordring for tolkane var at mange av fjell- og stedsnamna var ukjende for dei, og det kan gjera det vanskeleg å oversetja informasjon, spesielt når neste dags program blir presentert munnleg, seier Frafjord.
Ho legg til at det kan vera nyttig om turleiarar kan bittelitt teiknspråk, spesielt i situasjonar der tolken ikkje er tilgjengeleg, til dømes viss ein hamnar langt frå kvarandre i løypa.
– Eg har opplevd at fleire turleiarar er nysgjerrige og tok initiativ til å lera nokre enkle teikn. Det gjorde at dei kunne kommunisera direkte med meg, og skapte både tryggleik og meistring for oss begge.

Se også

