Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Skredkveld skal friska opp kunnskapen til folk

Dei populære skredkveldane er tilbake. DNT Fjellsport Bergen inviterer til ein inspirerande kveld om trygg ferdsel på ski.

Publisert: 18. november 2025
Skrevet av: John Petter Nordbø
Nyheter
Skredkurs grunnleggende nordisk- Skarvheimen-instruktør Kjetil Midtun
KUNNSKAP: På skredkvelden får du litt inspirasjon til å læra meir, kanskje blir det eit skredkurs i framtida? Foto: Hild Fjermestad Aase

Skredkveldveka i slutten av november har blitt ei årleg hending. Ho består av lokale arrangement over heile landet, og har kome i stand i samarbeid mellom DNT Fjellsport og DNTs medlemsforeiningar, Varsom – Snøskredvarslinga, CARE og forlaget Fri Flyt.

I Bergen blir det temakveld i Høgskulen på Vestlandet sine lokaler på Kronstad torsdag 20. november kl. 18.00.

– Endeleg er den fine, kalde tida rett rundt hjørnet, og det betyr at dei viktige og populære skredkveldane er tilbake. Stadig fleire gler seg til å ta på seg skia og starte sesongen. Me håper mange vil bruka ventetida til å læra meir om potensielle farar og kva ein må kunna for å ferdast i vinterfjellet, seier styreleiar Ragnhild Haugse i DNT Fjellsport Bergen.

– På skredkvelden lovar me entusiasme for topptur saman med andre som gler seg til å komma seg på skitur igjen. Me avslører også programmet for vinterens fellesturar same kveld, seier Haugse, som er éin av mange frivillige som står bak fjellsporttilbodet i Bergen og Hordaland turlag.

I løpet av skredkvelden vil du blant anna få vite meir om:

  • Kva er skredterreng?
  • Korleis tek ein trygge veival?
  • Kva er Varsom-appen og korleis brukar ein Snøskredvarselet?
  • Kva kan vi lære av tidlegare ulykker?

Det blir foredrag ved Endre Rieber Sommersten, ein av fjellsportgruppa sine aller mest erfarne skredinstruktørar. Etterpå blir det filmvisning av FriFlyt sine to dokumentarar «Begravet» og «Sånn ca.».

Kommande fjellsport-aktivitetar

Vis alle i DNTs aktivitetskalender
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget