Oppmoding om å trekkja Modalen vindkraftverk
11 natur- og friluftsorganisasjonar ber Norsk Vind AS om å trekkje vindkraftplanane sine i Modalsfjellene i Stølsheimen.
Skrevet av: André Marton Pedersen
Naturvernforeiningane i regionen viser til Norsk Vind sitt planinitiativ for prosjektet «Modalen vindkraftverk». Me vil med dette oppmoda Norsk Vind om å trekkja vindkraftprosjektet – med grunngjeving i dei svært omfattande skadeverknadene utbygginga vil ha for natur- og friluftslivsverdiane.
På bakgrunn av informasjon frå Norsk Vind, og på bakgrunn av utgreiingane utført av fagkonsulentar, ser me at prosjektet vil vera mellom dei mest øydeleggande vindkraftverka som me er kjende med.
Me vil særleg trekkja fram følgande:
- Kraftverket vil bestå av nær 100 vindturbinar som vil vera opptil 230 meter høge. Det er planlagt turbinar heilt opp til 1200 meter over havet.
- Heile 55 km2 , som i dag framstår som urørt og fri høgfjellsnatur, vil få industripreg.
- Tre mål store oppstillingsplassar kring kvar turbin, og nær 100 kilometer med anleggsvegar, vil medføra irreversibel øydelegging av om lag 1,5 km2 fjellnatur – truleg endå meir.
- Kraftverket vil øydelegga eit av dei største og viktigaste friluftslivsområda i regionen vår: Det som i dag er eit fredeleg turområde, sommar og vinter, vil bli sterkt påverka av nedbygging, støy og fare for iskast.
- Kraftverket vil forringa og fragmentera eit særs snørikt høgfjellsområde, med ein særeigen flora som finst svært få andre stadar i Noreg, og elles i verda.
- Høgfjellsfuglar som fjellrype, snøspurv, fjæreplytt og sandlo hekkar i det aktuelle området. Desse artane er allereie under press frå klimaendringane.
- Kraftverket vil fragmentera landskap og grøne korridorar mellom Stølsheimen landskapsvernområde og den nye nasjonalparken som er under utgreiing i Masfjordfjella.
- Fjernverknadane av kraftverket – både når det gjeld synlegheit av turbinar og lysblinka deira – vil vera svært omfattande.
- Organisasjonane vil også understreka at Noreg kan omstilla seg til eit utsleppsfritt samfunn utan meir vindkraft i natur- og friluftslivsområde. Noreg har store moglegheiter for energisparing og energieffektivisering, i tillegg til moglegheiter for å produsere ny energi med langt mindre naturtap.
Å realisera Modalen vindkraftverk vil vera i strid med internasjonale avtalar som Noreg har ratifisert, når det gjeld å redusera naturtap og elles ivareta naturmangfaldet. Her viser me til at det så langt er registrert fleire titals raudlista artar i det aktuelle området, der mange av artane også er raudlista internasjonalt. Å gå vidare med sakshandsaming av prosjektet vil skapa unødig store konfliktar, og i sum også vera dårleg samfunnsøkonomi.
Organisasjonane vil med dette oppmode Norsk Vind om å trekkja prosjektet så snart som råd. La folket få nyte roa og freda i den fantastiske fjellnaturen me har, utan uro for at den snart kan bli øydelagd for alltid. Natur- og friluftsområda våre høyrer også til dei som kjem etter oss, og vi har ingen rett til å byggja dei ned til industriområde.
Beste helsing:
Bergen og Hordaland Turlag
BirdLife Norge avd. Hordaland
Folk For fjella
Forum for natur og friluftsliv Hordaland
Motvind Vest
Naturvernforbundet Hordaland
Naturvernforbundet Nordhordland
Nordhordland Turlag
Norges Jeger- og Fiskerforbund Hordaland
Norges Miljøvernforbund
Ung For Fjella