Bli med oss rundt bålet på julaftan
Me har alltid plass til ein til rundt bålet – også på julaftan!
Skrevet av: John Petter Nordbø
Sidan steinalderen har det å samlast rundt knitrande vedkubbar vore eit sosialt anker for oss menneske. Her har me delt gode historiar, skrønt og grine. Me har halde rundt kvarandre og delt måltid og gloheit drikke i lag.
Bålet har vore heilt naudsynt for å halda oss i live.
I dag treng me ikkje sitja der for å unngå å frysa i hjel eller halda ville dyr unna.
Livsviktig fellesskap
Men framleis er det livsviktig. Å lufta ut rundt bålet med gode vener er ein sosial ventil som held deg i vater. Einsemd og psykisk uhelse er ei av dei største utfordringane me har. Nesten ti gonger fleire dør av sjølvmord enn i trafikken kvart år. Viss flest mogleg av oss kjenner oss heime i eit fellesskap, unngår me mange alvorlege problem, både for samfunnet og kvar og ein av oss.
Her er det fint å bruka bålet. Rundt flammane er det alltid plass til ein til. Anten det er på julafta eller ein vanleg tysdag i november.
Du treng ikkje seia eller gjera noko. Å sitja der er ofte nok. Bålet krev ikkje anna av deg enn at du legg på litt ved av og til.
Bål på Fløyen, i Os og på Askøy
Jula er fest og høgtid. Likevel seier tal frå Røde Kors at nesten halvparten av oss gruer oss til jul. Kanskje er det derfor me skal fyra eit ekstra bål no på tampen av året, og invitera folk med? Våga å senda den meldinga til han eller ho du ikkje kjenner sååå godt, men trur kanskje har lyst til å vera med?
Det har me gjort! På formiddagen sjølvaste julafta inviterer me til bål ved Mobergsvikjo i Os, på Skomakerdiket ved Fløyen i Bergen og i Hauglandsskogen på Askøy. Det er heilt gratis og ope for alle. Nissen kjem ikkje, det blir ingen pakkar, men plenty av det som betyr mest: Godt lag og god tid ute i naturen.
Se også