Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tre turgåere på rekke og rad i grønt terreng.

Ja, du klarer å gå 7-fjellsturen!

Synst du 35 km og sju fjell høyrest langt ut? Slapp av, turen er ikkje så krevjande som du trur, og med nokre enkle grep er turen innafor rekkevidde for dei fleste som har gått litt på tur.

Publisert: 10. april 2025
Skrevet av: John Petter Nordbø
Inspirasjon

– Er du van med å gå tur, og har gått litt i terreng før, vil dei aller fleste klara å gå 7-fjellsturen, seier Inger Øydis Storebø (52).

Ho er styreleiar i Os turlag, og påmeldt årets tur. Inger Øydis har gått turen saman med ungar og vaksne, og kom til mål både i 20-åra og no i meir vaksen alder. 

– Eg synst faktisk det var lettare i 40-åra enn i 20-åra. Du er meir seig i kroppen, og flinkare til å halda eit jamt tempo. Eg blei også meir støl dagane etterpå då eg var yngre, seier ho. 

Her kan du melda deg på årets tur!

Mann og kvinne på tur med vind i håret.
7-FJELLS-KLARE: Inger Øydis Storebø og mannen Erik er påmeldt årets utgave av Bergens store turfest. Foto: Privat

 

Gode tips på vegen

Storebø har nokre tips på vegen til dei som vurderer å melda seg på årets tur 25. mai: 

  • Du bør helst ha gått nokre fjellturar før, det er kanskje ikkje turen å byrja med viss du aldri har gått i terreng før. Då er det enklare å starta med 3- eller 4-fjellsturen same dag.
  • Det kjem til å røyna på, men meistringskjensla gjer det verdt det! 
  • Et litt på kvar topp, og hugs å ta pausar undervegs. Turen tar den tida den tar, som regel vil du bruka 12-13 timar.
  • Det er masse hjelp å få undervegs! Folk sel vafler og brus langs løypa, og mange heier deg fram. Det er også vanntankar til å fylla flaska undervegs.
  • Riktig sko er nummer éin! Skorne må vera inngått. Eit tips viss du er sterk nok til å bera dei, er å ha med lette joggesko til etappane på asfalt. 
  • Pakk med klede etter vêret, og mat og drikke som du gler deg til å eta. Men pass på at sekken ikkje blir for tung. 
  • Du treng ikkje dyrt utstyr for å delta. Mange bruker joggesko, men det er greitt med god såle.
  • Ha med deg noko i sekken som motiverer deg. Og legg gjerne igjen litt pengar på Fløyen og Ulriken for å kjøpa noko godt.
  • Skal du ha med born, må motivasjonen komma frå dei sjølv, ikkje foreldra. Det blir frykteleg langt å motivera dei i 12-13 timar. 
  • Det er lov å bryta. Det er mange stadar å komma seg ned til nærmaste buss. Er du i tvil om du klarer turen, hiv deg uti det og prøv. Skulle det ikkje gå, er det berre å prøva igjen neste år. Du får også t-skjorte sjølv om du bryt, det er berre å visa påmeldinga i mål. 
Fire mennesker står på fjelltopp og rekker hendene i været.

– Kan ikkje gå nokon annan dag

Inger Øydis trekk fram det sosiale ved arrangementet, og den store kjensla av fellesskap som finst ute i løypa. Den må berre opplevast! 

– Eg diskuterte dette med ungdommane i huset, som begge har gått turen. Dei var einige om at det denne turen kan du ikkje gå nokon anna dag. Det var heilt uaktuelt, for du får så mykje energi av å gå denne dagen, seier ho. 

Som DNT-frivillig sjølv, ser ho det store engasjementet og arbeidet som ligg bak eit tradisjonsrikt arrangement som 7-fjellsturen. 

Det er helt alfa og omega. Det gjeld heile turlaget. Du klarer ikkje å stella i stand eit så stort arrangement utan å ha folk. Ein ting er alle folka me treff på toppane undervegs, det er alltid masse smil å sjå, det gir masse motivasjon. Men vel så viktig er det å dra fram alle dei som jobbar i kulissane. Desse «usynlege» frivillige gjer sinnsjukt mykje arbeid i forkant av arrangementet. Utan dei går det ikkje. 

Logoplakat for sponsorer

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget