Vi går til Vinjerock!

Fellestur

Fra dato
16. juli 2018 kl. 14:00
Til dato
18. juli 2018 kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Vinjerock, Ungdom, Festival, Jubileumstur
Arrangører
Den Norske Turistforening, DNT ung
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Turkode
30071
Dette arrangementet er over!

Du må ha billett til Vinjerock for å delta på denne turen.

Høyr her, no skal vi gjere noko du ikkje har visst at du alltid har drøymt om! Bli med DNT ung og tjuvstart verdas finaste festival med ein førfestival, og det i sjølvaste 150-jubileumsåret til DNT! Vi skal nemleg gå oss til festivalstemning fra Gjendebu til Eidsbugarden. Er ikkje det ein jubileumstur verdig, så veit ikkje vi.

Korleis få med teltet sa du? Eller festivalstolen og lysslynga? Slapp av! Alt dette blir frakta frå turstart ved Gjendesheim og til festivalen. Det einaste du treng å bære på turen, er ein lett sekk!

Uerfaren eller ei, dette blir garantert ein tur du seint vil gløyme!

 

Dag 1, oppmøte på Gjendesheim

Vi møtast på Gjendesheim måndag 16. juli, klokka 14.00. Der legg vi frå oss alt festivalutstyret som vi ikkje treng på gåturen, dette blir frakta til Eidsbugarden slik at vi slepp å bære det. Vidare tek vi Gjendebåten frå Gjendeosen klokka 15.15. Klokka 16.00 er vi framme på Gjendebu, som ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjartet av Jotunheimen. Der sjekkar vi inn på sovesalen før vi får servert trerettars middag. Kvelden brukar vi til å bli kjende med kvarandre, gå gjennom den vidare turen saman og å utforske området rundt Gjendebu for dei som har lyst til det.

Avgangen på turen korresponderer med kollektivtransport til Gjendesheim. Slik kjem du deg til Gjendesheim.

 

Dag 2, Gjendebu-Olavsbu (ca 15,5 km/5 timar og 30 min)

I dag går turen vidare til Olavsbu, som ligg storslått til ved foten av nokre av dei flottaste toppane Jotunheimen har å by på. Før vi går fyller vi opp lagra med god frukost på Gjendebu, og smører med oss niste til turen. Turen frå Gjendebu til Olavsbu startar med slak stigning og etter kvart får vi nydeleg utsikt over Gjende med Besseggen i det fjerne. Dei siste 10 km går i flatt og lettgått terreng innover Rauddalen. Olavsbu er ei sjølvbetjent hytte, det betyr at vi lagar middagen sjølve basert på utvalet frå sjølvbetjeningslageret. Her er det berre fantasien som set grenser, kanskje blir joikakaker den beste middagen du nokon gong har smakt?

 

Dag 3, Olavsbu-VINJEROCK! (ca 12,8 km/5 timar og 30 min)

Siste turdag og festivalstemninga kjem nærare for kvart steg vi tek. Første del av ruta går i lett og flatt terreng, før vi går inn i steinur og stigning på om lag 500 høgdemeter. Vi går langs Store Mjølkedalsvatnet, og skimtar etter kvart toppane som omgir Eidsbugarden. Siste del går bratt nedover Mjølkedalen og langs Bygdin der tentipiane blir større og større etter kvart som vi nærmar oss festivalområdet. Vel framme ved Eidsbugarden får vi levert utstyret vi sette frå oss på Gjendesheim, og jakta etter den beste teltstaden kan begynne.

 

Generell informasjon

Du må ha festivalpass til Vinjerock for å delta på denne turen.

Aldersgrense: 18-30 år

Pris: 500kr for medlemmer, 600kr for ikke-medlemmer. Bli medlem her!

Pakkeliste: For å få ei god oppleving og ein trygg tur, er det viktig å ha med seg riktig bekledning og utstyr i sekken. Sjå pakkeliste her. Sjå også her for tips til korleis du skal pakke sekken.

Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT: Når du melder deg på denne turen stadfestar du at du har lest og akseptert vilkåra som er skildra i «Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT».

Anna: For å kunne delta på denne turen må du kunne gå heile dagen med sekk. Tempoet på turen er middels høgt, og du må vere i normal form. Sjekk ut link til pakkelistene for utfyllande forslag til utstyrsbehov for sommarturer i fjellet. På ein slik tur som dette treng ein ikkje større sekk enn 40-50 liter med tanke på at all mat ordnast på hyttene, og ein kun trenger lakenpose til overnatting. Sekken bør ikkje vege mer enn maks 8 kg. Veg den meir, har du med for mykje klede og utstyr. Litt snacks, nøtter eller sjokolade er lurt å ha i sekken til ei kvar tid. Det same gjeld ei vassflaske lett tilgjengelig.

Skal du på tur og manglar utstyr? Det er muleg BUA kan hjelpe deg. Sjå her for å finne den BUA ordningea som er nærast deg. 

Kontakt: Har du spørsmål om turen? Kontakt DNT ungs administrasjon på kristina.saeverud@dnt.no

Turen arrangerast i samarbeid med Norsk Tipping.

Vi går til Vinjerock!

Du må ha billett til Vinjerock for å delta på denne turen. Høyr her, no skal vi gjere noko du ikkje har visst at du alltid har drøymt om! Bli ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Reidun Fagerheim Eldegard
  • Andreas Dreyer Hysing