Sunnivahornet og Vetvika

Fellestur

Fra dato
21. september kl. 09:00
Til dato
22. september kl. 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hytteovernatting
Arrangører
Midtre Nordfjord Senior, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Tradisjonen tru blir det også i år ein seniortur med overnatting. Vi legg opp til tur på St Sunniva-hornet i Vågsøy på laurdagen og tur til Vetvika i Bremanger på søndagen. Det er påmelding til denne turen. Det er bestilt overnatting  (670kr pr pers) i rorbu i Kalvåg. Der er det 4 soverom med oppredde senger.

Laurdagskvelden har eg reservert plassar på Knutholmen der det er Havets Festbord (695kr). Dei som ønskjer å vere med gir beskjed om det ved påmelding. Frukost og niste søndag syter kvar einskild for til seg sjølv. Det er høve til å handle laurdag etter turen til Sunnivahornet. 

St. Sunniva-hornet er Vågsøy sitt høgste fjell med 689 meter. Grensa mellom kommunane Selje og Vågsøy går over toppen. Til topps går vi på merka sti frå Almenningsfjellet gjennom Austadalen. Det er flott utsyn frå toppen av fjellet. Turleiar har gått turen og den tek omlag 4 timar tur/ retur i eit roleg tempo med innlagte pauser. Det er våte parti undervegs så det er naudsynt med sko som tåler væte.

Søndag set vi kurs mot Vetvika i Bremanger som er ei av dei vestlegaste naturperlene våre. Turen startar frå Svarstad på Bremangerlandet. Turen går over fjellet til Vetvika. Dette er ein rundtur som er godt merka. Turen er ein lang og krevjande tur som i eit roleg tempo og med gode pausar vil ta 8 timar. Turleiar vurderer turen som krevjande og legg opp til at vi går ned til Vetvika via Ura og Solheim. Lettaste vegen heim igjen er å gå same vegen tilbake, men for å få med seg utsikta ned til Vetvika frå kanten satsar vi på å gå bakkane opp igjen

 

Her finn du informasjon om turen til Vetvika:https://www.ut.no/tur/2.1552/

 

Laurdag: Avreise frå Stilstova klokka 09:00 og Nordfjordeid, rutebilstasjonen 09:40. Ferje Anda - Lote klokka 09:20. 

Søndag: Avreise Kalvåg klokka 08:30. Reknar med å vere tilbake på Sandane omlag klokka 21.00. 

 

 

 

 

 

 

Sunnivahornet og Vetvika

Tradisjonen tru blir det også i år ein seniortur med overnatting. Vi legg opp til tur på St Sunniva-hornet i Vågsøy på laurdagen og tur til Vetvika i Bremanger på ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bente Ellingvåg

Annonse