Nordfjordryggen - Utvikfjellet til Sandane

Fellestur

Dato
16. juni kl. 08:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt
Arrangører
Midtre Nordfjord Senior, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

På oppmoding frå medlemar i MNT, seniorgruppe set vi i juni 2019 opp turen frå Utvikfjellet (Utviken) til Sandane over toppane Fløtravarden ( 850 m.o.h.), Snøfjellet (1006 m.o.h.), Dunheia ( 1165 m.o.h.) og Blånibba (1067m.o.h.).

Vi skal gå den flotte Nordfjordryggen.

Det er påmelding til turen grunna organisering av transport. Det blir turavgift dersom vi leiger inn minibuss el. Turleiar vil organisere transport når eg ser kor mange som melder seg på.

Oppmøte Chatlet Sandane kl 08:30 (passar med ferje frå Lote 08:00). Avreise frå Chatlet 08:45. 

Turen startar frå parkeringsplassen ved skisenteret på Utviken. Vi følgjer stien forbi Fellastøylen og opp til Fløtravarden.

Oppe på Fløtravarden kan vi nyte utsikten i alle retningar.Vi ser innover Nordfjorden og ned mot Breim og Eggenipa. Før vi byrjar på den slake stigninga opp til Snøfjellet må vi gå ned ein liten bakke til Rjupeskaret. Utsynet frå Snøfjellet er mykje det same som på Fløtravarden, men landskapet opnar seg meir mor vest/ nordvest og vi ser utover Nordfjorden, over til Hopland og rett vest på Dunheia. Frå Snøfjellet følgjer vi merka sti ned mot Tisthamskaret.( 822 m.o.h.).

Turen vidare går opp frå Tisthamskaret og til Dunheia. Frå Dunheia er det mellom anna flott utsyn mot Breimsvatnet og Skjorta. Vi fortset vidare til Blånibba som ligg fritt og fint til. Den gir oss eit flott utsyn utover Gloppefjorden, mot Ryssdalshornet, Skjorta, Breimsbydga. Siste del av turen går frå Blånibba og ned mot parkeringsplassen ved hyttefeltet i Bjørndalen.

Dette er ein tur som med pausar vil ta omlag 8 timar. 

Nordfjordryggen - Utvikfjellet til Sandane

På oppmoding frå medlemar i MNT, seniorgruppe set vi i juni 2019 opp turen frå Utvikfjellet (Utviken) til Sandane over toppane Fløtravarden ( 850 m.o.h.), Snøfjellet (1006 m.o.h.), Dunheia ( 1165 m.o.h.) ...

Kontaktinformasjon:

  • Bente Ellingvåg
  • Tlf. 48158872

Turleder:

  • Bente Ellingvåg

Annonse