Offisiell opning av Stovegolvet

Dette arrangementet er over!

Utsatt avgang til kl 13 frå parkeringen på Heio pga værmelding. Velkomen til folkefest på Stovegolvet og opning av den nye turlagshytta Stovegolvet søndag 3. juli kl. 15:00

Det vert felles avmarsj frå Heio for dei som ønskjer kl. 13. Merk at det er begrensa med parkeringsplasser, slik at det kan løne seg å samkøyre, evt. parkere på Lundseter og sitte på med andre opp til Heio. Det er godt merka sti frå Heio og opp. 

Program for dagen: 

Taler og snorskjering. Ordførar Gaute Straume Epland, styreleiar i DNT, Per Hanasand, med fleire. Konferansier er styreleiar i Stord-Fitjar Turlag, Gerda Øen. 

Underhaldning ved Musikklaget og Grovane på torader. Allsong. 

Gratis kaker, lefse, saft og kaffe til alle som kjem! 

Stovegolvet er ein heilt unik plass med vidt utsyn i alle himmelretningar. Herifrå kan ein sjå sola kome opp i aust over Folgefonna og gå ned i havet. No kan ein overnatte på Stovegolvet og oppleve alt dette. Dessutan er det flatt der hytta ligg, 703 moh., difor namnet. Den nye hytta vert innvia og klar til bruk søndag 3. juli. Det er Stord-Fitjar Turlag som vil ha tilsyn med den nye hytta. 

Sengene ligg ope for bestilling på www.ut.no. Hytta vert open året rundt, og alle er velkomne til å overnatte. 290,- pr. natt for vaksne som er medlem, og 410,- for dei som ikkje er medlem. Barn som er medlem får overnatte gratis! Alle skriv seg inn i protokollen, ordnar og vaskar etter seg, nett slik som på fjellhyttene. Hytta er ubetent, og det er ikkje proviantlager. Sjå: https://www.youtube.com/watch?v=KyjN0xCWeW0 

Arrangementet er gratis.

Hugs å ha med klede etter forholda. Gode fottøy. Det er alltid lurt med ei vindtett jakke og ei hue i sekken. Drikke og ei lita niste. Det er godt merka sti frå Heio og opp. 

Vel møtt! 

Venleg helsing, 

Gerda Øen og Elisabeth Skage

Styreleiarar i Stord-Fitjar Turlag og Bergen og Hordaland Turlag 

 

Takk til våre viktige samarbeidspartnarar, Norsk Tipping og Sparebankstiftelsen SR-bank. 

Kontaktinformasjon: