Grunnkurs kajakk for ungdom

Kurs

Fra dato
14. mai kl. 09:00
Til dato
15. mai kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Kurs, Padlekurs, Aktivitet Kajakk, Grunnkurskajakk, Dntung
Arrangører
DNT Ung Bømlo, Bømlo Turlag , DNT-Ung Stord-Fitjar Turlag , Sunnhordaland padleklubb
Dette arrangementet er over!

Dette kurset følgjer kursstigen til Noregs Padleforbund (NPF). Her lærer du grunnleggjande padleteknikk, samt redning og sikkherheit på sjøen. Me samarbeidar med Sunnhordaland padleklubb i gjennomføringen av dette kurset. Gjer deg klar til to fine og lærerike dagar på sjøen.

Oppmøte: Padlestasjonen ved Erestraumen på Sæverudsøya kl.09:00 

Aldersgrense: 13 til 26år. 

Norges padleforbund har laga det dei kallar VÅTTKORTSTIGEN, som er ein serie kurs du kan ta for å dokumentera formell padleopplæring.
Våttkort er eit plastkort på storleik med et vanleg kredittkort. På baksida av kortet klistra du på oblat, som viser dei kursa du har tatt i NPF.
Våttkortet er berre gyldig med slike oblat. Innhald i grunnkurs for havpadling i NPF. Dette må du ha for å kunna låna kajakk hos andre klubbar eller på ferie i utlandet.

Grunnkurs
I kurset blir deltakarane gjort kjende med kajakk og utstyr. Dei får praktisk øving i å bruka kajakk, årar, trekk og vest. Vidare blir ein
kjend med enkle sikkerheitsrutinar og får øva på dei, og får testa ut effektiv manøvrering av kajakken.

Innhald
• Løfta, bera, sjøsetja og entra kajakken
• Effektiv fremoverpadling
• Bakoverpadling og stopp
• Manøvrera kajakken sidelengs.
  Lågt støttetak
• Styretak (bak)
• Sving (sveipetak og styretak)
• Ilandstiging
• Sikring av kajakken etter ilandstiging
• Redningsteknikkar
• Skadeførebygging
• Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
• Generell sikkerheit og grunnleggande sjømannskap
• Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
• Sporlaus ferdsle

Lørdag: Kurset varer frå kl. 09-17.
Søndag: Kurset varer frå kl. 09-17


Mat: Alle deltakarane tar med eigen mat og drikke.

Utstyr: Alt kajakkutstyr (inkl tørrdrakt) er inkludert. Husk å ta med ekstra tørre og varme klede. Det anbefales å ha på ullundertøy under tørrdrakten. Solkrem! 

Kvifor ta kurs? - For å leige kajakk hos klubbar eller på ferie må du ha grunnkurs for å få lov. Enkelte padleturar me sett opp, blir det krav til å ha grunnkurs, dette er pga sikkherhet. 

Pris medlem: 500kr 
Pris ikkje medlem: 800kr 

Om du lurer på noko angåande kurset er det berre til å ta kontakt. 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Janne Kolbjørnsen Hovland