Hamregåta - Eggja

Fellestur

Dato
24. mai kl. 10:15
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Sogndal gålag
Dette arrangementet er over!

Tysdag 24. mai går turen frå Hamre, Hamregåta til Eggja. Me startar ved Fruktlageret på Hamreneset, og føl ein gamal sti til Eggja. Ei stigning på 320 høgdemeter i brattlendt terreng, men ikkje vanskeleg å gå. Me går roleg. Kan vere ein fordel å ha med stavar. Eggja er den høgstliggjande busette plassen i Leikanger, og er eit jordbruksområde med noko spreidd busetnad. På Eggja tek me av til Hagaflaten, ein gamal kjerre-/og sledeveg, og går vidare på sti ned til Haugatjødni. Derifrå føl me gamlevegen til Fosse. Fosse var eit sokalla klyngjetun for fire gardbruk fram til utskiftinga i 1963. Tunet ligg på ca 150 høgdemeter. Me tek oss vidare ned til Fosshagen via gamlevegen, og herifrå føl me bilvegen til Veten, og tilbake til bilane våre.

Om nokon vil gå del av turen, går det greitt. Du kan snu på turen opp, og følgje same stien tilbake, eventuelt gå bilvegen frå Eggja til Fosse – Valbrekka – Veten - Hamreneset.

Velkomen til Leikanger i fruktblomstringa, og til ein god trimtur!

Turleiar: Kari Kitty Stadheim

Om turen:

  • Middels tur, ca 3 til 4 timar
  • Ca 6 km. lengde
  • Ca 300 meter stigning
  • Gode kle, sko og stavar

Oppmøte/Avreise:

  • Frå Skogly på Kaupanger kl 09.15
  • Frå Almenningen i Sogndal kl 09.30
  • Frå Saften i Leikanger kl 10.00

Startpunkt:

  • Hanahaug v/Fruktlageret på Hamreneset kl 10.15

Parkeringsplass:

  • Fruktlageret på Hamreneset. Her er rikeleg med parkeringsplassar.

Køyring:

  • 50-lapp til den som køyrer

Kontaktinformasjon: