17. mai - tur til topps

Fellestur

Dato
17. mai kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Masfjordfjell
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Den Norske Turistforening
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag inviterar til ein flott fjelltur på nasjonaldagen!

Oppmøtestad: Parkeringsplassen i Vågsbotn på Kvingo/Masfjorden. Frå Knarvik til Vågsbotn/Kvingo er det kring 40 minutt å køyre.

Oppmøtetid: Tirsdag 17. mai 2022 kl. 10.00

Skildring av turen:

Vi parkerar på turparkeringa i Vågsbotn/Kvingo og vippsar kr 60,- i parkeringsavgift.  Då er vi klare for å feire nasjonaldagen med fjellsko og ryggsekk. Det ber oppover det spektakulære Gjelet til stranda ved Blådalsvatnet, og så opp Gummeleitet til idylliske Nordkvingesetrane. Her har vi fått lånt ei seter så vi kan slå oss ned og nyte nokre minutter til klokka vert 12.

Kl. 12.00 syng vi nasjonalsangen med resten av landet.

Etter seterbesøket tek vi seterstien på skrå opp langs Storevasseggane, over skaret og til dagens topp: Klefjellsnipa. Då er vi midt blandt barske fjelllandskap med utsikt over fjordar og havhorisonten. Vi "kruser" nedover Klefjellesryggen, krysser over Blomskaret og ut til Ytre Klefjellet,  bratt ned Bukkebakkane og nedatt Gjelet eller T-stien til Kvingo. Oppsummert: Ein variert fjelltur på både godt brukte og lite brukte stiar. Ein dagstur i flotte naturomgjevnader som nesten garantert set oss i nasjonalromantisk stemning.

Turen er normert som krevjande pga. tal timar, ulent terreng og ein del stiar som er lite «trakka». Turlaget stiller med "nasjonalromantiske" godsaker.

Pris kr 50 for DNT-medlemar og kr 250,- for ikkje-medlemar.

Dersom det er skya ver slik at vi ikkje ser fjelltoppane rundt Nordkvingesetrane, vil vi velje ei alternativ rute frå Nordkvingesetrane via Blådalen. Ei rute verd ein tur uansett.

 

Utstyr og mat:

Gode sko (og evt. stavar) som støtter i ulent terreng. Varmt og vindtett tøy. Sitjeunderlag. Flagg på sekken. Ettersom verforhold: Solkrem, solbriller eller tøy som toler regn.

Ta med niste og drikke for ein turdag ute. Turlaget stiller med "nasjonalromantiske" godsaker, men det er ein bonus. Ta med ei spiseskei og ein kopp.

 

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag og DNT.

 

Vil du bli medlem og få medlemsgoder hjå tulaget/DNT?  Melde deg inn og støtte opp om Nordhordland turlag/DNT sitt frivillige arbeid med eit medlemskap i Nordhordland turlag/DNT.

 

 

17. mai - tur til topps

Nordhordland Turlag inviterar til ein flott fjelltur på nasjonaldagen! Oppmøtestad: Parkeringsplassen i Vågsbotn på Kvingo/Masfjorden. Frå Knarvik til Vågsbotn/Kvingo er det kring 40 minutt å køyre. Oppmøtetid: Tirsdag 17. mai 2022 kl. 10.00 Skildring ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Kjell Ove Thorseth