JONSOKFEIRING - BORGARÅSEN

Fellestur

Dato
23. juni kl. 19:00 - 21:30
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bål, Midtsommartur, Jonsok
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Dette arrangementet er over!

Me feirar midtsommar med jonsokbål på Borgaråsen.

Borgaråsen ligg strategisk til og her er sikt i alle retningar til fjordlanskapet rundt. Borgaråsen er ei gammal bygdeborg/eldre forsvarsverk.

Me feirar midtsommaren i lag, og markerer inngangen til festivalhelg i Hjelmeland 

Turen opp til Borgaråsen startar i Vigatunet kl 19.00. Merka løype i nydeleg kulturlandskap, ca 2 km kvar veg.

Nils Viga Hausken frå Ryfylkesmuseet blir med og fortel om gamle jonsoktradisjonar

Ta med mat og drikke, høve for pølsespidding på bål

PS: me førehald om at værforholda gir høve til bål.

Samarbeid med Ryfylkemuseet

Kontaktinformasjon: