Turen starter frå p-plassen ved Frøyland og Orstad kyrkje. Turen går langs gamle Orstadveg, Vidare går turen langs FV 505 bort til Figgjoelva, Figgjoelva har framleis ein stor bestand av elveperlemusling. I tidlegare tider fiska jærbuane store mengder muslingar for å finna perler. I dag er muslingane ein truga art og er freda.Turen går opp langs elva forbi fossen der kommunane Klepp, Time og Sandnes møtast. Etter ei tid langs vegen, kjem vi inn i Kalbergsskogen og tilbake til p-plassen. Turen er ca 7 km lang og ein må rekne med å bruka ca 2 timar på turen
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.