Bli med på ein fin rundtur på Undheim, i kanten av Arne Garborgs rike. Turen starter frå Undheim skule og går langs Hå elva til kapellet. Vidare over brua og mot Litla-Undheim og til høgre mot Krusaholen og Hålå. Her går det oppover, og me vert belønna med flott utsikt over jærlandskapet. Nå er me på toppen, og svinger nedover mot Litla-Undheim og tek vegen tilbake til skulen. Turen går stort sett på traktorveg. Turen er ca 6 km lang og det vil gå ca 1,5-2 timar på turen.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.