Skirsete - Fagreggi

Fellestur

Dato
7. september kl. 10:15
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Sogndal gålag
Dette arrangementet er over!

Tysdag 7.september går gålagsturen til Fagreggi, det flotte fjellområdet mellom Hodlekve og Fjærlandssete på vestsida av Sogndalsdalen. Dette er ein middels rundtur med start og avslutning på Skirsete. Frå parkeringsplassen der går fyrste etappe på kort og lett sti til Kollsetestølen før me startar på stigninga opp mot Fagreggi. Her stig det jamnt oppover, ca 300 m, på god sti med nokre bratte kneikar. Oppe på Fagreggi er området småkupert og her, i ca 800 meters høgd, finn me fine fjellvatn, og det er fleire turalternativ som går rundt eller mellom desse vatna. Kva for ei rute me vel her, bestemmer me når me er komne opp på Fagreggi-platået og tek matpause. Før me startar turen ned att, går me bort under Reppanipa og fylgjer den delvis bratte stien ned lia til Skirsete. 

Turleiar: Vidar Lægreid, tlf. 48153202

Kjentfolk: Johannes Bakken og Anni Wolff Navarsete

Om turen: 

  • Middels rundtur
  • Ca 4 timar
  • Ca 350 m stigning

Oppmøte/avreise:

  • Frå Saften/Leikanger kl. 09.30
  • Frå Skogly/Kaupanger kl. 09.15
  • Frå Almenningen/Sogndal kl. 10.00

Startpunkt:  Skirsete kl. 10.15

Køyr Fjærlandsvegen  ca 7 km, ta av til Gjerde og så til Reppen.   Sving til høgre i gardstunet og køyr Skirsetevegen ca 2 km til parkeringsplass i enden av vegen.

NB: Skirsetevegen er bomveg og betal kr. 40 kontant. Ikkje vipps.

Til sjåfør: kr. 50.

 

Kontaktinformasjon: