Nornes – Breiesete – Melås – Slinde

Fellestur

Dato
18. mai kl. 09:45 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Sogndal gålag
Dette arrangementet er over!

Etter å ha gjennomført fire lette/middels turar, legg gålaget opp til ein meir
krevjande tur tysdag 18.mai. Me møtest på parkeringsplassen ved Nortun,
går på veg gjennom byggjefeltet på Norneshaugane og vidare på god
stølsveg i jamn bratt stigning opp til utsiktspunktet Klanten på ca 400 m.
Her tek me ein liten pause før me fylgjer stølsvegen vidare i lett stigande
lende til den fine stølsgrenda Breiesete, ca 600 moh, der det vert matpause.
Turen vidare forbi Hola og Orrabru til Melåsstølen er lett og går på god sti i
stort sett flatt terreng. Derifrå er stien heller bratt nedover forbi høgde-
garden Melås, og sameleis er traktorvegen vidare ned til Indre Slinde.
Det kan kanskje vera lurt å bruka stavar her.
Siste del av rundturen vert å gå turvegen tilbake til Nornes.
Dei som ynskjer å avslutta turen på Slinde, kan få skyss tilbake til Nortun.
Dette er ein krevjande tur, både når det gjeld lengde og stigning, så her må
deltakarane vera i bra fysisk form.

Turleiar: Vidar Lægreid
Kjentmann: Lars Nornes
Om turen:
- Krevjande rundtur.
- Ca 10 km, 5-6 timar.
- Ca 600 m stigning.
- Gode kle og sko.
Oppmøte/avreise:
- Frå Skogly på Kaupanger kl 09.15
- Frå Almenningen i Sogndal kl 09.30
- Frå Saften i Leikanger kl 09.30
Startpunkt:
- Parkeringsplassen ved Nortun kl 09.45

Me prøver å få parkert nokre bilar på Indre Slinde for dei som vil avslutta turen der.

Kontaktinformasjon: