Røysaleite – Raumålsgrindi i Leikanger

Fellestur

Dato
4. mai kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Sogndal gålag
Dette arrangementet er over!

Tysdag 4. mai møtest vi på Røysaleite, og går på god sti Klopparteigen – Heggdalene, og vidare Koldemyri – Raumålsbakkane til Raumålsgrindi. Utgarden som her og blir kalla, då dette er skilje mellom innmark og utmark. Før i tida var det slåtteteigar i Heggdalene, og her står framleis att nokre gamle løer.Her går og turstien S1, som går vidare oppover til stølen Stokksete. Før bilvegen til Kleppa kom, var dette tilkomsten til utmarksbeite og Stokksete.I dag er denne stien mykje nytta som tur-/trimsti både for små og store.
Vi går nedatt Heggdalene, vidare grusvegen ut Dalahaugane (forbi steinbrotet), Kleppavegen  og nedatt stien i Dalene med flott utsyn over Sognefjorden.


Turleiar: Kari Kitty Stadheim
Kjentmann: Nils Henjum
Om turen:
- Lett tur, ca 3 timar tur/retur
- Ca. 250 – 300 meter stigning
- 6 km tur/retur
- Gode kle og sko.
Oppmøte/avreise:
- Frå Skogly på Kaupanger kl 09.15
- Frå Almenningen i Sogndal kl 09.30
- Frå Saften i Leikanger kl 10.00
Startpunkt:
- Røysaleite
Vegen til Røysaleite:
- Ta av hovudvegen ved Sognefjord Turisthotel, og føl skilting mot Kleppa.
Etter ca 3.5 km, kjem de til Røysaleite (bustadfelt), der vi parkerer bilane.
Der vil vere parkeringsvakt i gul vest.
Køyring:
- Grunna parkeringsplassar, er det fint om flest mogeleg køyrer ilag.
- 50-lapp til den som køyrer

Kontaktinformasjon: