Kom deg ut-dagen i Stuvikjo

Arrangement

Dato
5. september kl. 10:00 - 12:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn, Funksjonshemmede, Utviklingshemmede
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegut
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Stord-Fitjar Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2021 BT
Dette arrangementet er over!

Søndag 5. september er det klart for Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag.
Barnas Turlag Stord-Fitjar inviterer til ein nydeleg dag ute i Stuvikjo (gapahuken ved Ådlandsvatnet). Ta med familie og venner og bli med på ein dag i friluft med kjekke aktivitetar og godt selskap.

I løpet av føremiddagen vil de mellom anna få høve til å padle kano, delta i natursti, balansere på slakkline, teste hengekøyer i skogen eller spikke med kniv.

Gilde spanderer pølser til alle deltakarane (éi pølse pr. person), og det vert også servering av saft og kaffi.

Nytt av året er at me treng førehandspåmelding. Merk at me har to arrangement: 10.00-12.00 og 13.00-15.00. Maks antal deltakarar er 200 på kvart av arrangementet. Tak på antal deltakarar, samt det at me kan nytta areal langs heile løypa inn mot gapahuken til dei ulike aktivitetane, gjer at det skal vera greit å halda trygg avstand til andre enn dei ein bur saman med. Meld deg og dine på det tidspunktet som passar best.

Minnar elles om at alle som deltek på arrangementa må vera friske, halda avstand og vaska hender!

Det er mogleg å nytte tre vegar inn til gapahuken: Frå bedehuset/Møllebrua, Kattatveit og Vatna. Registrering og utdeling av turtipp i krysset Kattatveit/Ådlandsbrua og like før gapahuken når ein kjem frå Vatna. 

Bli med ut då vel!

Kom deg ut-dagen i Stuvikjo

Søndag 5. september er det klart for Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag. Barnas Turlag Stord-Fitjar inviterer til ein nydeleg dag ute i Stuvikjo (gapahuken ved Ådlandsvatnet). Ta med familie og venner og bli med ...