Kameratredning i skred - oppfriskingskurs 

Kurs

Dato
6. desember kl. 08:30 - 17:00
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Kurs, , Kameratredningskurs
Arrangør
Voss Utferdslag

Når eit snøskred rammar eit turfølge, startar ei nådelaus stoppeklokke.

Innan 15 minutt må dei begravde ut av snøen, om dei skal ha gode sjansar for å overleve. Det betyr at turkameratane må stå for redninga. Denne dagen øver vi på å handtere slike situasjonar.  

Plan for dagen:

Dette er å rekne som eit oppfriskingskurs som passar spesielt godt for dei som er kjent med prinsippa for kameratredning. Vi deler gruppa i to og førebur realistiske øvingsscenarier for kvarandre i ein skråning med mykje snø. Vi bruker vanlig skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar) og det vi elles har med oss i sekken på skitur. Vi øver på situasjonar som krev organisering av søket, presis lokalisering og effektiv utgraving frå snømassane. Litt grunnleggande førstehjelp tek vi ôg, om tida strekk til. 

Oppmøte og avreise:

Vi møtast på Coop Skulestadmo kl 8.30 og reiser i privatbilar til ein eigna plass - til dømes på Vikafjellet. Vi er tilbake på Voss innan kl 17.

Kven kan delta?

Denne turen passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha inngåande kunnskap om skred eller vere god på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap. 

Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka.

Naudsynt utstyr:
Fjellski eller toppturski, langfellar, skibriller (goggles), vind- og vanntette skalklede, ullundertøy (gjerne to lag), hals/buff, lue, hanskar eller vottar, og ein liten sekk med ekstra varm jakke. Alle må ha spade, søkestong og sendar/mottakar. Ta gjerne med hovudlykt og termos med varm drikke. Hugs solid niste. 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Øystein Ormåsen