Vossamarsjen

Fellestur

Dato
22. august kl. 10:00 - 18:00
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Gråsida, Vossamarsjen
Arrangør
Voss Utferdslag

I 2020 arrangerer me Vossamarsjen nok ein gong! 22. august går den to mil lange turmarsjen over Gråsida, eit høgfjellsplatå på mellom 1000 og 1350 høgdemeter. Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene.

Turmarsjen er utan tidtaking der ein kan konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde. Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen –Roset, med målgang på Gjelle. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake Voss. Høgfjellsmarsjen har 5 bemanna sjekkpunkt, men alle må sjølv ha godt med niste/drikke og klede i sekken.

Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, og alle deltakarane får og Vossamarsj T-skjorta etter gjennomført tur. I tillegg vert flotte premiar trekt på startnummer.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Magnhild Opheim
  • Olav Harboe Sognnæs
  • Audun Hellevang