OBS! Ny dato. Kveldstur til Dukoll - Årdal. Hugs påmelding !

Fellestur

Dato
12. juni kl. 17:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kveldstur, Dukoll
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB!! Turen er utsett ei veke til 12, juni pga dårlege vermeldingar for første oppsette dato.

Start frå Songesandvegen (på veg mot Åse) ved Rykanfossen.
Me startar på traktorveg og går over på sti austover ei stykke før me går opp på Dukoll på vestsida. Her er noko bratt, me tek difor stigninga her i staden for nedturen.
Me startar på ca 400 moh ved vegen, Dukoll er 753 moh. Flott utsikt mot Åse og Årdal og vestover, og austover mot Myrstølfjellet, Høgehei mm.

Me går ned på austsida på berg og lyngbakkar. Me kjem nesten ned til Hedlestølåna, og svingar mot nord og så vest og går ned Hidlekleiv, og tilbake mot Åse, til bilane som står på Songesandvegen.

Pga koronareglar må me ha påmelding til turen, og maks 20 i turfølgjet inkl turleiarar. Alle deltakarar må hugse avstandsreglar og god handhygiene - ta med eigen mat,drikke og utstyr !  Difor kan me heller ikkje organisere samkjøring til startpunkt.

Kjentmann: Magne Leirflåt.

Oppmøte (tid og sted): Songesandvegen, mot Åse, ved Rykanfossen kl 17.00      

Retur: Same stad som me starta, ca kl 2100.

Ta med: kikkert, niste til kveldsmat, stav dersom du brukar det

OBS! Ny dato. Kveldstur til Dukoll - Årdal. Hugs påmelding !

NB!! Turen er utsett ei veke til 12, juni pga dårlege vermeldingar for første oppsette dato. Start frå Songesandvegen (på veg mot Åse) ved Rykanfossen. Me startar på traktorveg og ...

Kontaktinformasjon: