Nonskarheia - Vormedal

Fellestur

Dato
28. juni 2020 kl. 11:00 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kulturlandskap, Ritlandskrateret, Heiatur, Høghei, Fraflytta, Gardsbruk
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Flott heiatur.

Oppmøte: parkeringplass på Kleivaland kl 11.00. Kjør ca 18 km frå Hjelmelandvågen på fylkesvegen mot Vormedal. I Vormedal svinger du til høgre mot Kleivaland, følg skilta til parkeringsplassen. Her må me koordinere bilkjøring tilbake til Laugaland og opp til Kvamen, rett før Undestølosen. Pga koronareglane ber me om at de sjølv tenkjer og får til samkjøring saman med andre. Eller meld frå om ev behov for transport. Me kjører altså tilbake frå Kleivaland til Kvarmen, slik at me har bilar både ved start og endepunkt.

Sjølve gåturen startar ved Kvamen. I starten er det bratt stigning på sti opp til Nonskarheia, ca 700 moh. Oppe på heia er det lettgått og ope, fint terreng. Me går austover over Nonskarheia, vidare ned til fråflytta gard Helgaland. Her tar me pause og matøkt. Kjentmann Torbjørn Helgaland fortel om garden. Går vidare via to andre fråflytta gardar Kløv og Ritland. Ned skogsvegen langs Ritlandskrateret til Kleivaland. Retur til Kleivaland ca 16.30. På turen forbi Ritlandstjødnane går me forbi ein av kodane i "Kodejakta 2020", så her kan du få med ein kode på kjøpet.

Turen går i hei-terreng; ta på gode sko og klær etter forholda + mat og drikke for heile dagen.

Pga smittevernreglar i høve til korona/Covid 19, må me ha påmelding til turen.
Maks deltakartal er 18 + turleiar og kjentmann.


 

Nonskarheia - Vormedal

Flott heiatur. Oppmøte: parkeringplass på Kleivaland kl 11.00. Kjør ca 18 km frå Hjelmelandvågen på fylkesvegen mot Vormedal. I Vormedal svinger du til høgre mot Kleivaland, følg skilta til parkeringsplassen. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Gunnulf Sande