Kanodag Breilandsvatnet, Hjelmeland

Arrangement

Dato
14. juni kl. 12:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Turtyper
Arrangement, , Padling, Kano, Grilling, Bading
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)

Oppmøte ved Breilandsneset kl 12.00 søndag 14.juni.  Sving av frå Vormedalsvegen inn på privat hytteveg ved Breiland.

Rutebuss frå Årdal kl 11.04, frå Fister 11.19, til Hjemeland v/kyrkja kl 11.37.
Gratis ekstrabuss: Frå Hjelmeland v/Kyrkja 11.40, til Breilandsneset 11.55.Ekstrabuss går tilbake kl 15.00 frå Breilandsneset til Hjelmeland v/kyrkja. (då må dei som skal til Årdal og Fister vente på rutebuss. Påmelding til ekstrabuss innan 11. juni til tlf 404 39 155.

Hjelmeland Turlag har 6 kanoar som blir satt på vatnet, Me held til på ei fin og flat strand, der det er godt tilrettelagd for padling, og bading.
Passar for heile familien.  Turlaget har redningsvestar, men ta gjerne med din eigen òg.

Turlaget fyrer grillen, så ta med eigen grillmat som du griller sjølv + bestikk/tallerken og det du treng til grillinga + drikke.

Pga koronareglar må me ha påmelding til kanodagen, sjå påmeldingsknapp.

Alle deltakarar må hugse avstandsreglar og god handhygiene -    Me kan ikkje organisere samkjøring til startpunkt.  Ein skal kun gå om ein føler seg frisk og utan forkjølessymptom.  Me vil sprite årer, seter, kanten på kanoen + handdesinfeksjon før bruk av redningsvest.

Velkommen til ein hyggelig familiedag ved Breilandsvatnet !

Kanodag Breilandsvatnet, Hjelmeland

Oppmøte ved Breilandsneset kl 12.00 søndag 14.juni.  Sving av frå Vormedalsvegen inn på privat hytteveg ved Breiland. Rutebuss frå Årdal kl 11.04, frå Fister 11.19, til Hjemeland v/kyrkja kl 11.37. ...

Kontaktinformasjon: