Ekspedisjon Folgefonna, utforske blåisen (7-9 år)

Fellestur

Fra dato
15. august kl. 13:00
Til dato
16. august kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Bretur, Barn, Bre, Folgefonna, Telt
Arrangører
Barnas Turlag i Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turkode
762
Dette arrangementet er over!

Lyst til å utforske ein bre og oppleve korleis det er å gå på is? Med god hjelp av Folgefonni Breførarlag og deira dyktige instruktørar, har vi laga ein tur for barn frå 7 til 9 år i blåisen som ligg ved Folgefonna Sommarskisenter. Det vert også høve til å gå tur i området og kanskje vågar vi oss på eit bad i brevatnet som renn nedover dalen?

Å oppsøke snø og is om sommaren er eksotisk og spennande.  Å få lov å prøve å gå på breen og utforske blåisen, ja, det er noko heilt spesielt, både for store og små. Å gå i rekkje innbunde i same tauet skaper samhald. Her må alle samarbeide. Alle skal føle at dei er i trygge hender med rutinerte breførarar og erfarne turleiarar. 

Alt utstyr til besøket i blåisen får vi låne, slik som tau og stegjern. Det er imidlertid viktig å ha skotøy som er stive nok til å kunne feste stegjern.

Vi overnattar i telt på ein fin plass langsmed vegen frå Jondal til Folgefonna Sommarskisenter. Ettersom det kan vere kaldt også sommartid oppe i fjellet, så må ein ta med varme klede samt hue og vottar. Fjellreven Turbo er med, og han trur det kan bli brukt for badedrakt på turen, ja, for det kan jo hende det blir badetermperatur og. Søndag møter vi to guider frå Folgefonni Breførerlag og får ein spennande dag i blåisen.

Alle tek med mat og drikke til seg sjølve. Vi tenner opp bål på kvelden, slik at det vert høve til å varme pølser eller anna godt i fellesskap.

Vi møter kl. 13.00 på laurdag i sentrum i Jondal / på vegen opp til Skisenteret. Transport i eigne bilar. 

Trenger du å låne utstyr? Det kan du lett få låne fra Skattkammeret i Bergen

Støtt Bergen og Hordaland Turlag sine tur- og friluftslivtilbud gjennom medlemsskap: Medlemsskap for barn (0 - 12 år) koster bare kr. 135,- for et helt år. Man kan også melde inn hele familien til en samlet pris på 1295-. Les mer om medlemsskap i DNT/Bergen og Hordaland Turlag her.

Ønsker du å følge med på hva som skjer i Barnas Turlag Bergen? Lik oss gjerne på Facebook!

Spørsmål?Ta kontakt med Barnas Turlag, på tlf. 55 33 58 21 eller send epost: bht@dnt.no

Kontaktinformasjon: