Megardsstølen i Hundeidvika, Sykkyvlen

Fellestur

Dato
17. september kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
DNT Sunnmøre, Seniorgruppa ÅST
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Oppmøte: Magerholm ferjekai torsdag 17. sept. kl. 10.00. (Ferja går 10.10)

 

Frå Ørsneset køyrer du forbi sentrum i Sykkylven og over brua til Ikornnes. Etter brua tek du til høgre og køyrer til Hundeidvik. Om lag 250 m etter krysset der ein køyrer ned til ferjekaia i Hundeidvik, tek du til venstre opp mot Megardsdalen. Parkering etter om lag 1,7 km.

Frå parkeringsplassen går vi på traktorveg og sti til Megardsstølen ca. 500 moh. Total stigning ca. 300 m. Tur-retur er ca. 5 km. Ved Megardsstølen er det fleire vatn: Heimstevatnet, Litlevatnet, Mevatnet og Storevatnet. Litt lenger framme ligg Trollvatnet. På nordsida av Megardsstølen ligg Skopphornet 1226 m, og på sørsida Hundatinden 1234 m. Frå Megardsdalen er det sti og anleggsveg ned til Riksheim. Ein annan tursti går til Trandal i Hjørundfjorden, og er ein del av ruta til Hjørundfjorden rundt.

Kart: Sykkylven kommune 1: 50000 eller Sunnmørsalpene Øst 1: 50000.

 

Turleiarar: Gullbjørg Helle tlf. 91884939 og Kjell Rønning tlf. 48071775.

Megardsstølen i Hundeidvika, Sykkyvlen

Oppmøte: Magerholm ferjekai torsdag 17. sept. kl. 10.00. (Ferja går 10.10)   Frå Ørsneset køyrer du forbi sentrum i Sykkylven og over brua til Ikornnes. Etter brua tek du til ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Martin Rønning
  • Gullbjørg Helle