Frivillig i Voss Utferdslag
Våre frivillige er sjølve ryggrada i alt me gjer. Arbeidet med hyttene og aktivitetane, samt merking og vedlikehald av rutenettverket er tufta på frivillig innsats. Har du lyst til å bli med på laget, eller er du allereie frivillig ? Her finn du informasjonen du treng!
For deg som vil bli frivillig i laget
Bli frivillig i Voss Utferdslag
Me vil gjerne ha deg med som frivillig i laget og me vil tilretteleggja for at du finn oppgåvene du har lyst til å bidra med!
Er du allereie frivillig i Voss Utferdslag? Her finn du all informasjon du treng for vervet ditt!
Informasjon til tur- og aktivitetsleiar i Voss Utferdslag
Informasjon til hyttetilsyn og vardekomitèen
Vil du bli turleiar?
Me har fått ålmennyttige midlar frå Voss Sparebank til å dekkja kostnadar knytt til turleiarutdanning for personar som bur på Voss.
Les videreGullknapp og æresmedlem
Personar som har gjort ei særskild stor innsats for Voss Utferdslag kan bli Æresmedlem eller tildelt Gullknappen av styret.
Gullknappen går til ein frivillig som har utmerka seg gjennom stor arbeidsinnsats til det beste for laget. Gullknappen er eit merke med Voss Utferdslag sin logo i sølv med gullforgylt krans.
Æresmedlemskap er Voss Utferdslag si høgste utmerking. Æresmedlemskap går til den som:
- Har hatt tillitsverv i laget i 25 år eller meir
- Andre medlemmer som i 25 år eller meir har utmerka seg gjennom dugnad og frivillig arbeid for laget.
Æresmedlem vert tildelt eit livsvarig, fritt medlemskap og eit merke med Voss Utferdslag sin logo i sølv med gullforgylt krans.
Framlegg til kandidat
Framlegg til kandidat for begge kategoriar av heidersteikn skal stilast til styret i Voss Utferdslag. Send e-post til voss.utferdslag@dnt.no
Medlemar i Voss Utferdslag som er tildelt gullknappen
1983 Jon Langvandsbråten
1983 Sigurd Sleen
1984 Johannes Himle
1993 Gudleik Engeland
1993 Arne Fjose
1993 Arthur Myhre
1996 Olga Frøystein
1996 Knut Svensson
1999 Kolbjørn Sivertsen
2006 Sigmund Nesbø
2011 Bjørn Eivind Grande
2013 Audny Fremming
2013 Jarl Atterås
2014 Ingeborg Backer
2014 Arnfinn Lydvo
2017 Reidar Berge
2018 Lidvard Faaberg
2022 Richard Jacobsen
2022 Oddvar Drevsjø
2022 Sverre Kvitne
2022 Øystein Lindberg
2024 Astrid Såkvitne
2024 Kjersti Vik
2024 Anne-Grete Haugen
2024 Audun Hellevang
2024 Bjarne Fosse
2024 Bjørn Knapstad
Æresmedlemer i Voss Utferdslag
1950 Lars Ullestad
1999 Knut Svensson
1999 Jon Langvandsbråten
1999 Arne Fjose
2011 Kolbjørn Sivertsen
2025 Reidar Berge
2025 Richard Jacobsen
2025 Bjørn Eivind Grande
See also