DNT ung i Sunnfjord
DNT ung er friluftstilbodet til DNT for ungdom mellom 13 og 25 år. Vi arrangerer aktivitetar for ungdom, og tipsar om fellesturar som passar godt for aldersgruppa.
Sjå aktivitetskalendaren for ungdom nedanfor. DNT ung arrangerer eigne aktivitetar gjennom året, og vi tipsar også om andre turar i turlaget som passar godt for ungdom.
Følg ungdomsgruppa på Instagram @dntungsunnfjord for oppdateringar om aktivitetar, turar og anna som skjer.
Nokre arrangement er merka DNT ung. Dette betyr at ungdomsgruppa vår har sett opp eigne arrangement for ungdom, enten lokalt eller regionalt.
Andre arrangement er merka «Passer for ungdom». Dette kan vere fellesturar eller andre arrangement i Indre Sunnfjord Turlag som er opne for fleire aldersgrupper, men som vi meiner eignar seg særleg godt for ungdom.
Første onsdagen i mai inviterer vi 8.-klassingar ved skulane i området til OPPTUR, DNT sin nasjonale utedag for ungdom. Vi arrangerer også friluftsskule i Askvoll for 5.-8. klasse i starten av sommarferien.
Vi ser fram til å sjå deg på tur!
Du kan delta på aktivitetane våre utan å vere medlem. På enkelte turar er deltakaravgifta lågare for medlemmer enn for ikkje-medlemmer. Eit medlemskap i DNT ung kostar 375 kroner per år og kan fort lønne seg om du deltek på fleire aktivitetar eller nyttar andre medlemstilbod. Som DNT ung-medlem får du mellom anna halv pris på overnatting på dei fleste DNT-hyttene, rabatt på turar og kurs, medlemsrabattar i butikkar og fleire andre medlemsfordelar.
UNG-aktivitet
See also