Skummeltur i Vang ved Laglim
Litt over 30 ungar med følgjande vaksne møtte opp ved Liagardsvegen til årets skummeltur i Vang. Nokre hadde vore med før og visste godt kva som kunne vente dei, medan andre nok var litt spente på kva som møtte dei på stien ned til Laglim i skumringa.
Written by: Tor Martin Iversen
Vi starta samla ved bilane, og etter kvart strekte feltet seg godt ut før dei siste kom ned til vasskanten. Der var det rigga til med faklar, grill og stemningsfull musikk.
Erlend samla ungane og fekk dei med på å lage ei morosam historie der alle orda måtte vere skumle adjektiv. Etter forteljinga dukka det plutseleg opp nokre merkelege auge på den andre sida av vatnet. Dei kom nærare og nærare. Sjølvaste Nøkken ville også vere med på festen, og vart godt teken imot på breidda av Laglim av ein stor flokk nysgjerrige ungar.

Etterpå vart det grilling og kakao rundt bålet.
Kvelden vart runda av med ein tur bort til bekken, der vi lyste etter aure. Det var veldig moro å sjå så mange gytefisk.

Vêret var også på vår side. Trass i eit skikkeleg regnskyll før vi møttest, heldt det seg opplett heile kvelden, heldigvis!
Takk for turen!
- Turleiarar: Stine Solemsli og Tor Martin Iversen
- Bilder er tatt av Tor Martin Iversen og Stine Solemsli
See also