Sykkeltur rundt Grønsennknippa 8. august
I alt 8 personar, to turleiarar og 6 påmelde deltakarar, av dei eit par frå Jæren turistforening, gjennomførte turen trass usikker vermelding og gjennomførte den utan at nokon blei heilt gjennomvåte.
Written by: Bjørn Vegar Johnsen
Vi starta turen ved Sekskanten på Vaset og kom heilt til vatnet Rennsenn før dei første svake dråpane råka oss. Der fortalde vi om vatnet, turar i området og livet i fjellet i gammal tid. Neste stopp var i krysset der vegen tar av mot Grunke og Jaslangen. Her fortalde vi om hotellet ved Nøsen like ved, om Hulabakken, om mjølkeruta på fjorden før om åra og mangt anna.
Neste stopp var ved Buaråna. Her vart det også tid til informasjon og forteljingar. Vi hadde opphavleg tenkt å sykla avstikkaren mot Grunke. På grunn av det fuktige veret, bestemte vi oss for heller å sykla opp til Grønsennstølane med det same. Der hadde vi dagen før varsla Margit Brattvold på stølskafeen om at vi ville stikka nedom på turen vår. På veg opp dit vart det ein stans øvst på Jaslangen for å nyta utsikten ned mot stølane der, ned på konsertarenaen der solefallkonserten har vore gjennomført i mange år, mot innsjøen Helin og mot Kvitehaugen der forfattaren Knut Hauge støla i si tid.
På stølskafeen hadde vi ein lang stopp og nytte kaffi og nydeleg heimebakst.
Etter ein kort stopp oppe på toppen av Jaslangvegen sykla vi ned dei bratte bakkane via Nørre og Sørre Trøllhovd og Myrkelie og greidde denne gongen å halda regnet bak oss. Vi gjennomførte turen utan uhell av noko slag.
Takk til deltakarane for triveleg samvær og til Mads Wangensten som i tillegg til å vera ein av turleiarane også var kjentmann og fortalde på turen.
See also