Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Varm og fin sykkeltur i Vassfaret

Det er tre vassfar i Sør-Aurdal: Øyvassfaret og Buvassfaret som ligg aust for Begnadalen og Hedalsvassfaret i vest. Det er dette vassfaret som til vanleg berre blir nemnt som Vassfaret. Her er det mange store og små innsjøar, skogar, snaufjell og mange historiar om jakt og dyreliv samt minne etter tømmerfløytinga i omrdet. Dei som vil gå i urørt natur i dalføret, har mange stigar å velja mellom. Dei som vel å sykla her, har ikkje mange vegar å velja mellom, men til gjengjeld får dei sett mange av vatna og mange av dei kjende stadene på lite trafikkerte grusvegar. Vi fem som sykla i sørre delen av Vassfaret tysdag 21. juli, fekk oppleva nettopp dette.

Published: July 25, 2026
Written by: Bjørn Vegard Johnsen
Trip report
Vassfarplassen
Vassfarplassen Photo: Bjørn Vegard Johnsen

Vi starta ved Aurdalsdammen, sykla vidare til Bjørke der milorg si gruppe Elg, heldt til under deler av 2. verdskrigen. Nokre få hundre meter ovom bilvegen besøkte vi eit gammalt bjørnehi som ein av turleiarane berre måtte krypa inn i.

Neste stopp var Skrukkefyllhaugen. Her budde den namngjetne Berte i fleire år. Husa og tunet her er tekne godt vare på.

Vi ønskte å ha første matpausen nær eit vatn og sykla difor vidare til Nevlungen.

Etter ein lang og god pause der passerte vi bommen og stoppa oppe på Skjerberget og nytte den flotte utsikta ned i Nevlungen og vidare innover i dalen. Målet for turen var Øvre Grunntjern, men først sykla vi opp til Vassfarplassen som skal ha vore det største gardsbruket i Vassfaret. Den ligg idyllisk til og er vel verdt eit besøk. Husa og eigedomen her er tatt godt vare på. Her frå går stien «Dølaveien» som var kyrkjevegen for folket her når dei skulle over fjellet til stavkyrkja i Hedalen i eldre tid.

Siste delen av vegen fram mot Øvre Grunntjern vart etter kvart smalare, men fullt ut god  å sykla på. Her hadde vi ein ny lang pause og åt resten av nista før vi sykla tilbake. (For dei som ønskjer ein lengre sykkeltur i denne delen av Vassfaret, er det fullt mogeleg å sykla vel 2 km fram til Suluvatnet.)

Tilbaketuren gjekk så raskt at vi unte oss ein pause der vegen kjem ned til Aurdalsfjorden.

Borte ved bilane hadde vi ei kort evaluering av turen. Turdeltakarane let vel og tykte det hadde vore ein fin tur i flott natur. Vi gjennomførte turen utan uhell av noko slag. Turen vår var vel 26 km i alt. Med alle pausane og informasjonen tok den ca 5 timar. 

Takk til turdeltakarane for triveleg lag. Bjørn Vegard Johnsen og Mads Wangensten.

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member