Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Trivelig kveldstur til Saurshøgde 1. juli – Kremtopp 2026

Turfylgjet på 9 fekk to fine timar i godt turvêr og opphald, sjølv om gråvêr og regnskurer truga i fleire retningar rundt oss.

Published: July 14, 2026
Written by: Tor Harald Skogheim
Trip report
Registreringspause på toppen av Saurshøgde.
Registreringspause på toppen av Saurshøgde. Bak går det skurer over Skaget og Langsuene. Photo: Tor Harald Skogheim

Saurshøgde ligg nær stølen Sørre Trollåsen i Øystre Slidre, og er blant dei 12 i Kremtoppjakten 2026. Veldig lettgått og familievennleg tur på god sti. 

Starten gjekk opp gjennom fjellbjørkeskog, til dels på fine bergryggar. Tunge skyer både rundt Skaget i nord og Jotunheimtindane i vest snytte oss for delar av utsynet på veg oppover, men Mellane var lette å finne. Siste delen av turen kom vi opp frå skogen, og så var det lett kupert fram til høgste punktet på eit vidt platå.

Triveleg matpause, i alle fall fram til insekta vart for nærgåande. Foto Tor Harald Skogheim

Etter at alle hadde fått registrert toppen på mobilen vart det ein kort matpause, som truleg hadde blitt lengre om ikkje ein del insekt begynte å bli plagsame. På returen letna det i vest, så vi fekk sjå toppane så langt som til Uranostinden. Det var ekstra kjekt, for Saurshøgde har uventa vidt og flott utsyn.

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member