Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Flott skitur i Tidlegløypa i Aurdalsåsen 13. februar.

Etter å ha kontakta løypekøyraren og studert vermeldinga, utsette vi turstart ein time. Dette var lurt. Ver og temperatur eigna seg for ut, og vi fekk nyoppkøyrde løyper på heile turen.

Published: February 16, 2024
Written by: Bjørn Vegar Johnsen
Trip report
Like etter start Photo: Bjørn Vegar Johnsen

Vi var 4 ivrige skiløparar som stunda etter å komma ut i løypene etter dagar med streng kulde og nysnø. Turen starta ved parkeringsplassen like vest for Aurdal fjellkyrkje. Vi følgde hovudløypa nordover til der Tidlegløypa tar av. Det var for mykje nysnø der til at vi kunne gå der utan oppkøyrde spor. Vi laga vi oss difor ein fin rasteplass og hadde ein lang matpause medan vi venta på at løypemaskinen skulle komma tilbake frå Heimåsgrinda i Skrautvål heimås og køyra opp Tidleg-løypa. Vi venta ikkje forgjeves, og glade til sinns fullførte vi turen i framifrå skispor.

Langt inne i Tidlegløypa - foto: Bjørn Vegar Johnsen

Vi gjennomførte den 13 km lange turen utan uhell av noko slag. Nokre av deltakarane hadde ikkje gått denne runden før og sa at det gav meirsmak for seinare turar.

Bjørn Vegard Johnsen                                         Ester Christensen

turleiar, referent og fotograf                              turleiar

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member