Grøn laurdag - ein sal- og bytedag for friluftsklede og -utstyr!
Har du ein litt sliten ryggsekk, ei allvêrsjakke som ikkje passar heilt, eller eit par fjellsko som berre står og samlar støv? Då har du kanskje noko andre kan få glede av!
Ytre Nordfjord Turlag inviterer, i samarbeid med Vågsøy folkebibliotek, til Grønn laurdag – ein sal- og bytedag for friluftsklede og -utstyr!
Altfor mykje sports- og friluftsutstyr blir kasta eller liggjande ubrukt, sjølv om det framleis har mykje godt bruk igjen. Vi ønskjer å bidra til meir gjenbruk og oppmode til at produkta vi kjøper, blir brukte så lenge som mogleg.
Grønn fredag er ein nasjonal bytedag som oppstod som ein grøn motpol til Black Friday. Målet er å setje fokus på berekraftig forbruk, gjenbruk og gleda ved å dele. Vi omstrukturerer konseptet og inviterer til Grønn laurdag!
Laurdag 28. november håpar vi du vil bli med og gi friluftsklede og -utstyr ein ny sjanse. Kanskje finn du akkurat det du manglar til neste tur – til ein skikkeleg god pris?
Slik fungerer det:
1. Reserver plass til utstyret ditt.
Ønskjer du å selje eller byte bort noko? Du kan bestille eit heilt eller eit halvt bord til utstyret ditt. Send melding til Elisabeth Kleppa på telefon 469 46 163 for å reservere plass.
2. Gjer utstyret klart for sal.
Biblioteket opnar kl. 10.30 for deg som skal selje, slik at du får tid til å gjere klart bordet ditt før dørene opnar for publikum kl. 11.00. Merk kvart produkt tydeleg med pris og telefonnummeret ditt. Då kan kjøparen enkelt vippse deg direkte. Du bestemmer sjølv kva du ønskjer å ta betalt for utstyret.
3. Sal eller byt – du bestemmer!
Du vel sjølv om du vil selje utstyret ditt eller byte det mot noko anna. Kanskje finn du nokon som har det du treng, og som samtidig har bruk for det du ikkje lenger nyttar?
Hugs: Det treng ikkje vere nytt eller perfekt for å ha verdi! Så lenge utstyret framleis kan brukast, fortener det gjerne ein ny eigar.
Vi håpar mange vil ta turen innom – anten for å selje, byte eller gjere eit godt bruktkupp!
Saman kan vi gi utstyret nytt liv og bidra til eit meir berekraftig friluftsliv.
See also