Ny bru i Gravdalen!
Etter solid innsats av dugnadsgjengen vår er ny bru no på plass i Gravdalen! Brua ligg omtrent der den gamle stølsvegen frå Fardalen til Stølsmaradalen kryssar elva, og erstattar den gamle brua ved stølen som vart teken i flaum i fjor vinter.
No slepp me å vasse elva når me går frå Fardalen til Gravdalen! 4.august vart førehandsbygde laftekassar, flakar og stolpar floge opp til Gravdalen for montering.

Stor takk til alle som har støtta bru-prosjektet vårt, spesielt
• SNO (Statens naturoppsyn)
• Årdal Kraftlag
• DNT Sogn og Fjordane/Sparebankstiftinga
• Sogn Sparebank.
• Øvstunsvegen Eigedom som stilte plass til disposisjon til bygging av laftekasser og flakar.
• Terje Hetle som stilte plass til disposisjon for helikopteropplasting
Og sjølvsagt dugnadsgjengen vår som allltid stiller opp! Ekstra applaus til Magne Folven som har vore konstruktør og byggeleiar.
Me set stor pris på at de ynskjer å vere med å legge til rette for trygg ferdsel i Årdalsfjella!
See also