Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Stolpejakt i Ulvik

Ulvik Turlag starta med stolpejakt i 2022, fyste året hadde me 15 stolpar plassert rundt sentrum, og i år har me 42 stolpar rundt heile Ulvikapollen.

Published: October 10, 2023
Written by: Hilde Underdal
DNT's offer

Stolpejakta i Ulvik er eit samarbeid mellom Ulvik Turlag og Ulvik herad. Turlaget står som arrangør, har ansvaret får å finne stolpepunkt, oppsett i Stolpejakten og utsetjing av stolpane. Heradet bidreg med tekst til stolpepunkta samt økonomisk.

Sjølve stolpane er sponsa av Byggtorget - Martin Lie Trelast AS.

I årets stolpejakt er det 42 stolpar. Ein finn stolpar i sentrum, langs siderruta, i skogen, og på Hjeltnes sida. Dei fleste stolpane er grøne og blå, nokre er raude og me har ein svart som er den vanskelegaste.

For å delta i stolpejakta kan ein laste ned appen Stolpejakten, her lagar ein seg brukar og så er det berre å skanne stolpar. Ein kan og lage seg brukar på nettstaden, skrive ut kart og skjema ein kan skrive stolpekoden i og registrera stolpane manuelt på nettstaden. Ein kan lesa meir om stolpejakten her

Årets stolpejakt står ute, ut 31 oktober.

Share article:
Share via email

See also

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget