Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Seniortur: Ormaset – Ljosvotne – Bydalsstrupen – Oksasmettet – Ørnahaugen – Nesheimsfjellet – Ormaset

Nydeleg seniortur med 15 deltakarar!

Published: August 22, 2024
Trip report
Seniortur Ormaset – Ljosvatnet – Dyregravene
Photo: Geir Henrik Styve

Onsdag 21.08.2024 var det opphaldsvêr og nokre varmande solglytt. Turen gjekk først i fuktig lende frå bilvegen til Ormaset, så nokså bratt opp til Ljosvotne. Matpause. Vidare langs Ljosvatnet  Ein liten saueflokk gjekk føre oss bratt opp til Bydalsstrupen. Der vart ei nokså inntakt dyregrav med leiegjerde granska og kommentert. Så gjekk me litt til slik at me såg godt ned i Bydalen/Byvatnet og vidare sørover i retning Øvstedalen. Vel halve turen unnagjort.

I skaret mellom Ljosvatnet og Fjellbetnane tok me matpause nr.2.  I litt ”burle” terreng kom me oss forbi Oksasmettet og passerte nokre småfine tjødner på vegen bort på Ørnahaugen.  Fylgde så ryggen ned til Nesheimsfjellet. Deretter 1 km asfaltert unnabakke til bilane.

Turleiarane orienterte om det me såg – og litt til. Turen tok 5 timar - i høveleg seniortempo.

Stor takk til turleiarane Asle Nesheim og Torstein Trå 

Sjå bilete frå turen her:

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag