Bli Frivillig i Barnas Turlag
Har du lyst til å bidra til at fleire barn og familiar får gode opplevingar ute? Som frivillig i Barnas Turlag blir du med på å skape turglede, leik og naturopplevingar for barn og familiar i nærmiljøet ditt. Du treng ikkje vere ekspert på friluftsliv – det viktigaste er at du har lyst til å bidra.
Du kan bidra på mange måtar
Du kan vere med og planleggje og gjennomføre turar, aktivitetar, turbopostar og familiearrangement.
Du kan delta på enkeltaktivitetar når det passar, eller bli ein del av ei fast frivillig arbeidsgruppe. Dine interesser og kunnskapen din er med på å forme kva tilbod som blir i nærmiljøet ditt. Behovet varierer frå stad til stad, men det er alltid rom for nye frivillige som har lyst til å ta i eit tak. Kanskje er det nettopp deg dei treng for å få i gang fleire aktivitetar for barn og familiar der du bur?
Du treng ikkje kunne alt frå før
Har du eigne barn i barnehagealder, kjenner du kanskje allereie litt til kva som skal til for å få dei minste med ut på tur. Denne erfaringa kan vere nyttig som frivillig, og barna dine kan sjølvsagt vere med på aktivitetane. For mange er det ein fin måte å kombinere familietid med frivillig innsats. Du treng ikkje ha eigne barn for å bidra.
Du får støtte frå andre frivillige og frå DNT, og kan få opplæring og bli tryggare på rolla etter kvart. DNT tilbyr mellom anna ambassadørkurs og aktivitetsleiarkurs som ei god innføring i frivilligrolla. Førstehjelpskurs er også nyttig for deg som skal vere med på aktivitetar.
Bli ein del av eit lokalt fellesskap
Som frivillig møter du andre som ønskjer å gi barn og familiar gode opplevingar ute. Saman kan de skape eit aktivitetstilbod der de bur og gjere friluftslivet meir tilgjengeleg for fleire familiar.
Slik kjem du i gang
Har du lyst til å bli frivillig? DNT Sogn og Fjordane kan hjelpe deg med å finne fram til eit Barnas Turlag eller ein Turboklubb i nærleiken av deg.
Vi formidlar kontakt med det lokale frivillige miljøet, slik at du kan få vite meir om aktivitetane og kva dei treng hjelp til.
Kontakt oss
Hege Mundal
Organisasjonsmedarbeidar
hege.mundal@dnt.no
See also