Under årsmøtet til DNT Fjellsport i Bodø vart Fjellsportsprisen 2026 delt ut til DNT Fjellsport Årdal.
Published: June 01, 2026
News page
Photo:
Fjellsportsstyret grunngjev tildelinga med at gruppa, sjølv om ho er lita, er svært aktiv og fungerer som ein viktig samlingsplass for fjellsportsinteresserte i området. Aktivitetstilbodet er variert, med alt frå turar og samlingar til skredkurs, skredkveldar og sosiale samankomstar. Styret peikar vidare på at årets vinnar er eit godt døme på at ein kan få til mykje gjennom frivilleg innsats og samarbeid, sjølv i ei lita gruppe.